Hopp til innhold

Halsa må vente på avklaring om asylmottak

Halsa ventar spent på svar om dei får asylmottak. UDI utsett avgjerda til 10. desember.

Ola Rognskog

Ordførar i Halsa, Ola Rognskog, veit ikkje før 10. desember kva som skjer med det planlagde asylmottaket.

Foto: Senterpartiet

Asylmottaket som skulle vere i drift frå 1. desember lèt no vente på seg.

Ordførar Ola Rognskog (SP) i Halsa seier at han ikkje veit noko meir om Halsa får asylmottak, men seier dei treng tid for å få det til forsvarleg.

– Ei utsetting er aldri positiv. Vi har behov for reaksjonstid viss vi skal greie å møte dette på ein forsvarleg måte, og det har vi fått beskjed om at vi får, seier Rognskog.

Usikkert kva som vil skje med mottaket

Regiondirektøren i UDI, Rune Vordahl, seier til ordføraren at det nasjonale mottaksbiletet har endra seg betydeleg i seinare tid.

– Dei har behov for å samle tankane sine om korleis dei skal tilpasse kapasiteten sin. Elles veit eg ikkje kva dei kjem til å lande på, men slik det ser ut no må vi berre vente til 10. desember, seier ordføraren.

Halsa skeptiske til mottak?

I Halsa er det delte meiningar om få 100 asylsøkjarar til ei lita kommune med berre 1600 innbyggjarar, men er det aukande skepsis?

– Vi merker det ikkje slik, eg trur at det er slik det alltid har vore – at nokre er skeptiske fordi dei syns volumet er for stort, og nokre er skeptiske til kommunen om dei klarar å gjere jobben sin godt nok, både i forhold til den befolkninga som er i dag og dei nye som kjem, seier Rognskog.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL