Hopp til innhold

Halsa kan vere på veg nordover

– Kystkommunealternativet er interessant, seier Halsa-ordførar Ola Rognskog (Sp). I dag diskuterer han saka med kommunar både frå Sør-Trøndelag og andre nordmørskommunar.

Ola Rognskog

Ola Rognskog skal diskutere kommunesamanslåing, også med naboar i nord.

Foto: Trond Vestre / NRK

Halsa møter fleire kommunar på Nordmøre og i Sør-Trøndelag i dag for å diskutere om det er mogleg med ein felles kystkommune.

På Nordmøre som elles i landet er det sonderingar om fleire alternativ for kommunesamanslåing. Rognskog trur det blir vanskeleg å unngå samanslåing dersom kommunane sitt inntektssystem blir endra. Han er også leiar av rådmanns- og ordførarkollegiet på Nordmøre.

Halsa

Lik kultur

– Då er kystkommunealternativet interessant fordi dette er likesinna kommunar. Skal ein først slå saman kommunar er det ein fordel at ein kjenner kvarandre godt og har mykje av den same kulturen og identiteten.

Fylkesordførar Tore Sandvik i Sør-Trøndelag har opne dører for kommunar som ønskjer seg nordover.

– Innbyggarundersøkinga tyder på at ei samanslåing med trøndelagskommunar absolutt er aktuelt, seier Rognskog før dagens møte.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL