Saumoperatør Hallgerd Aure fører sofastoffet gjennom symaskina med kjappe, rutinerte hender ved møbelfabrikken Ekornes i Sykkylven.
Ho starta i jobben etter nyttår, til mange si store overrasking.
I sommar blei ho oppsagt frå møbelbedrifta Brunstad fordi dei skulle flytte delar av produksjonen til utlandet.
Familie og vener var sikker på at Aure kom til å pensjonere seg. Men det hadde ho ingen planar om.
– Eg tenkte, herregud, skal eg bli oppsagt like før eg blir pensjonist? Eg er jo ikkje der endå, fortel Aure. Det var Fri Fagbevegelse som først fortalde historia.
Sidan sommaren 2020 har Ekornes tilsett 161 nye arbeidarar. Framleis har dei 40 ledige stillingar.
Foto: Ivar Eidheim / NRKSøkte jobb
I haust gjekk møbelkommunen Sykkylven ut med ein storstilt kampanje fordi dei mangla 150 arbeidstakarar.
Aure fann ut at ho skulle sende inn ein søknad. Hos Ekornes fekk ho full klaff.
– Sønene mine kom med blomster. Dei syntest det var så kult at eg greidde å få meg ny jobb i min alder, ler saumoperatøren. Ho starta i yrket i 1977 og har fagbrev både i industrisaum og i industritapetsering.
Hallgerd har fagbrev både i industrisaum og i industritapetsering.
Foto: Ivar Eidheim / NRKEldste nytilsette nokon gong
Produksjonsdirektør Ole Arne Ramstad i Ekornes har aldri opplevd å tilsette ein ny arbeidar med så høg alder. Då dei fekk inn søknaden, var kompetansen til Aure midt i blinken og avgjerande for at ho fekk jobben.
– Det er få søkjarar med den kompetansen. Vi har innsett for lenge sidan at vi sjølve må lære opp nytilsette i bedrifta. Og Hallgerd kunne gå rett inn i produksjonen nærast utan opplæring, seier Ramstad. Vanlegvis kan opplæringa ta fleire år.
Han er imponert over at den godt vaksne saumoperatøren turte å søke ny jobb.
– Det er sporty når du 66 år, seier Ramstad.
Vanskeleg etter fylte 58
Kari Østerud er direktør ved Senter for seniorpolitikk. Ho meiner arbeidslivet går glipp av mykje kompetanse ved å ikkje vurdere eldre arbeidstakarar i nye stillingar.
Foto: John-André Samuelsen / NRKOgså Kari Østerud, som er direktør i Senter for seniorpolitikk, er imponert over Hallgerd Aure. Ho meiner historia til 66-åringen er heilt unik. Dei fleste som mister jobben i høg alder går av med pensjon, sjølv om dei ikkje ynskjer det.
– Jo eldre du er, dess vanskelegare er det å få ny jobb. Det viser både undersøkingar og statistikk, seier Østerud.
Etter fylte 58 år er det vanskeleg å bli kalla inn til jobbintervju, ifylgje senteret sitt barometer.
– Eg trur alle må skjerpe seg og ikkje sortere søkjarar basert på alder. Eg trur ein dermed går glipp av svært mykje kompetanse, seier Østerud.
Håper helsa held
Hallgerd Aure stortrivast i den nye jobben. Her får ho jobbe berre på dagtid og får fast løn, ikkje akkord.
– Det er også kjekt å bli kjent med nye kollegaer, seier Aure.
Ho har ikkje bestemt seg kor lenge ho skal jobbe før ho blir pensjonist. Aldersgrensa i bedrifta er 70 år og ho håper å behalde den gode helsa til det. Og når er ho klar for å gi seg er planane klare.
– Eg skal ha meg eit drivhus og så har eg jo handarbeidet mitt, seier Aure.
66-åringen håper helsa held slik at ho kan jobbe fram til ho er 70 år.
Foto: Ivar Eidheim / NRKLES OGSÅ: