NRK Meny

Hald på rutinene i ferien

No startar sommarferien for dei yngste og mange ser fram til eit avbrekk frå skulebenken. Men ferien kan også bu på fleire utfordringar.

Jarl Edvard Schauerud

Familieterapaut Jarl Edvard Schauerud oppmodar folk om å halde fram med dei faste rutinene sjølv om det er ferie.

Foto: Magnus Gamlem / NRK

Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Det er første dag i sommerferien for skuleborna, og i år er ferien på heile ni veker. At det blir mykje tid å fylle, kan bu på utfordringar for både born og foreldre.

– Ein viktig del som held på strukturen, nemleg skulen, fell vekk. For mange kan det vere ei utfordring å få aktivisert borna gjennom desse ferievekene, seier familieterapeut Jarl Edvard Schauerud.

Hald på rutinene

Schauerud er driftsleiar for OBU Moa, Kirkens bymisjon sin omsorgsstasjon for barn og ungdom. Han fortel at fleire tek kontakt no når skulane tek ferie.

– For born og unge som slit med den psykiske helsa, kan skulen vere eit trygt haldepunkt. Enkelte vert sittade aleine å gruble, og det er den motsette medisinen.

Familieterapauten rådar familiar om å sjå etter kvarandre og snakke godt saman i ferien. Ein bør heller ikkje la alle rutiner skli ut sjølv om ein har fri.

– Det er viktig å planlegge ferien godt og halde fast på rutinene ein har elles i året, slik som innetider, leggetider og måltider. Å legge inn nye fellesstunder for familien kan også verke positivt og samlande i ein rolegare kvardag.

Samarbeid med andre foreldre

Sommaren skal vere ei kjekk tid for både born og vaksne.

– Ofte har ein høge forventningar, men det er ikke alle som har anledning eller forutsetningar for å ta med borna på dei store opplevingane, seier Schauerud og held fram at han oppmodar folk om å ta vare på kvarandre i nærmiljøet.

– Sjå etter andre born og unge som kanskje treng ein tur ut eller som kan ha glede av å vere med på aktivitetar. Det er viktig at familiar støttar kvarandre.

Schauerud ber folk om å ta kontakt med omsorgsstasjonen dersom dei har behov for hjelp eller ein god samtale.

Siste video/lyd

Mange geitebønder i landet vil ha den elektriske geiteklaven til Gjemnesbedrifta Nofence. Produksjonen pågår for fullt, men geiteklaven er enno ikkje godkjend. Gründerbedrifta treng beitesesongen 2017 for å gi Mattilsynet dokumentasjonen dei krev.
Dei fleste har meir enn nok med å SJÅ utfor kanten på den hundre meter høge Zakariasdammen i Tafjorden på Sunnmøre.
Men det finst folk som vil betale for å få seg ein luftig tur. Og frå neste veke av kan dei gjere akkurat dét...
Fiskesperra som skal redde den nasjonale lakseelva Driva, blir slakta av ekspertar på behandling av gyrosmitte. Miljødirektoratet er ansvarleg for prosjektet til seksti millionar kroner. Dei meiner det trengst berre små justeringar.