NRK Meny

Hald på hatten, no blir det vindfullt

Onsdag er det venta storm og kraftige vindkast utsette stadar i Møre og Romsdal.

Storm

Onsdag kan det bli storm fleire stadar i Møre og Romsdal. – Sikr lause gjenstandar, oppmodar statsmeteorolog.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Artikkelen er mer enn to år gammel.

Meteorologisk institutt har sendt ut OBS-varsel for Møre og Romsdal og Trøndelag. Onsdag er det venta storm og kraftige vindkast utsette stadar i Trøndelag og Møre og Romsdal. Det er også venta vanskelege køyreforhold i fjellet.

– Frå og med onsdag ettermiddag vil vinden auke til sørvest liten storm utsette stadar. Utover kvelden kan det auke til kortvarig full storm, seier Martin Granerød, ved Vêrvarslinga for Vestlandet.

Det er også venta vanskelege køyreforhold i fjellet på grunn av kraftig vind og nedbør.

Farlege vindkast

Statsmeteorologen åtvarar mot farlege vindkast.

– Det er venta vindkast på mellom 25 m/s-30 m/s, og det er ofte det som gjer størst skade, seier Granerød.

Så om du har planar om å sette ut hagemøblane med det første, bør det nok vente.

– Med tanke på dei vindkasta som er meldt er det viktig å sette inn og sikre lause gjenstandar, seier meteorologen.

Torsdag er det venta liten kuling om formiddagen, så roar vinden seg. Nedbøren ser derimot ut til å vere svært til stades i nordvest gjennom hele komande helg.

Obs-varsel Møre og Romsdal
Foto: YR.NO

Siste video/lyd

Aalesund
4.-divisjonslaget Volda låg under med to mål mot Molde, men scora både 1-2 og 2-2. Sander Svendsen redda Molde mot slutten av kampen.
Kristiansund vann komfortabelt 3-0 borte mot Brattvåg i første runde av cupen.