NRK Meny
Normal

Hakket mindre isolerte i Todalen

TODALEN (NRK.no): Fem dagar etter raset er mellombels ferjeløysing på plass. No er både innbyggjarar og bedrifter i Todalen fleire hakk mindre isolerte frå omverda.

Båt til Todalen

Landgangsfartøyet «Maursund» køyrde frå Harstad fredag ettermiddag, og skal fungere som bilferje til og frå rasstengde Todalen på Nordmøre.

Foto: Todalen.no

– Arbeidsdagen no er normal. Alle som jobbar dagtid har møtt til normal tid og det blir «tima» opp mot båten, fortel Ola Magne Nordvik.

Han er dagleg leiar i Talgø Møbelfabrikk – éi av bedriftene som har kjent raset i Todalen på kroppen kontinuerleg sidan det skjedde sist onsdag.

Sidan fredag har det gått skyssbåt til og frå Todalen. I dag måndag la den første båten med personbilar til kai i rasbygda.

Landgangsfartøyet «Maursund» køyrde frå Harstad fredag ettermiddag, og skal fungere som bilferje i minst to veker.

Dermed kan bedrifter og andre endeleg få transportert mellom anna varer inn og ut av bygda – etter raset sist onsdag .

Saka held fram under bildet.

Maren Ansnes

Maren Ansnes lurte torsdag på korleis ho skulle få 48.000 egg ut frå Todalen. I tillegg trengde ho fôr til dyra på garden.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Ikkje artig å hive god mat

– Vi er heilt avhengige av at vi får kraftfôr inn til hønene. For det er det og vatn dei lever på, sa Maren Ansnes torsdag – dagen etter det 50 meter breie raset.

Melk i Todalen

F.v.: Mjølkebilsjåfør Helge Jacobsen, kårkall Trygve Halle og mjølkebonde Olav Halle.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Vegen til Todalen blei øydelagd, og for mange var situasjonen svært prekær.

– På fredag måtte vi tømme mjølka ut, fortel Olav Halle til NRK måndag formiddag.

I dag, over helga, er Halle éin av fleire som pustar letta ut.

– Det var kjempegodt å få mjølkebilen til garden i dag. Slik det såg ut på onsdagen var eg sikker på at all produksjon for august skulle gå fløyten. Eg må verkeleg rose folk i kommunen og alle som har hjelpt. Dei har vore kjempedyktige som har fått i stand dette allereie til i dag.

Med mellombels ferjeløysing til den vesle bygda, kan både møbelbedrifter, bønder og andre få varer inn og ut. For mjølkebonde Halle er mjølkebilen rett og slett ei stor lette.

– Det er viktig å sende frå seg mjølka. I tillegg er det noko psykisk over det ... Det er ikkje artig å hive god mat og det er ikkje artig å sjå den bli tømt i møkkakjellaren.

Talgø i møte

Etter raset var møbelbedrifta Talgø i hastemøte. Situasjonen var nemleg prekær – då.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Frå hand til munn

For mjølkebonden lysna situasjonen litt på fredag. Med provisorisk ferje dei neste vekene, og ordentleg bilferje om cirka to veker, er Halle positiv.

Det same er møbelbedrifta Talgø.

– Det er litt hand til munn heile greia no, unntakstilstand. Det må vi halde oss til no i den første perioden, men om 14 dagar er det nok heilt normalsituasjon her, seier dagleg leiar Ole Magne Nordvik.

Korleis dei organiserer varetransport framover blir sett på i løpet av dagen i dag. Ekstrautgiftene må spleisast på, meiner Nordvik.

– Vi må ta ein diskusjon med alle berørte partar. Vi ønskjer eit spleiselag, og det bør organiserast deretter.

Saka held fram under bildet.

Mjølkebilen av ferja i Todalen

Mjølkebilen var éin av bilane som køyrde av den provisoriske ferja i Todalen – saman med mellom andre NRK.

Foto: Todalen.no
Opprydding i Todalen

Det blir framleis rydda i fjorden etter raset, men det verste er rydda unna.

Foto: Kystverket

Krevjande situasjon

Raset i Todalen isolerte fleire hundre menneske, og isolasjonen forsvinn no sakte, men sikkert.

– Men det blir krevjande fram til vegen er opna igjen. Det seier seg sjølv, meiner Nordvik på møbelfabrikken.

Vegeigarar, fylke og kommune må finne fornuftige løysingar saman, og eventuell tunnel må opp til diskusjon.

– Om det på sikt vil vere spørsmål om tunnel forbi rasstaden, så må det diskuterast. Dette ser ikkje eg bort ifrå, men det vil fagfolk gå inn på, seier Nordvik til NRK.

– Vil di bedrift presse på for tunnel?

– Ja, dersom det viser seg at stranda har no er rasfarleg og tryggleiken kan stillast i tvil, så må vi sjølvsagt arbeide mot tunnel.

– Blir det vanskeleg å drive ei så stor bedrift i Todalen no som samferdslesituasjonen er så vanskeleg?

– Det er i alle fall endå meir krevjande enn det var i utgangspunktet, men vi har tankar om å halde fram i Todalen. Det finst ikkje anna alternativ for oss. Det veit eg, avsluttar Nordvik.

Folket i Todalen i Surnadal er ikkje lenger isolerte. I dag kunne dei første bilane kome seg ut og inn av bygda, som har vore utan veg sidan onsdag.

Todalen ute av isolasjon