NRK Meny

Hafast skaper krøll for ekspertane

Dei planlagde gigantprosjekta langs E39 på Vestlandet skaper ny teknologisk kunnskap – men Hafast set ekspertane i tenkeboksen.

Jørn Arve Hasselø

Jørn Arve Hasselø i Statens vegvesen seier at teknologien for bygginga av fjordkryssinga over Storfjorden ikkje er klar.

Foto: Herskedal, Kjell / SCANPIX

Artikkelen er mer enn to år gammel.

Dei store ferjeavløysingsprosjekta som er planlagd langs E39 på Vestlandet, har utløyst mykje viktig teknologisk nyskaping, seier brueksperten i Statens vegvesen, Jørn Arve Hasselø.

Men Hafast, som er den planlagde fjordkryssinga over Storfjorden på Sunnmøre, skaper krøll. Hasselø fortel at mykje vind, bølgjer og djup sjø kan gi fleire utfordringar enn andre stader.

– Det finst ikkje andre fjordkryssingar som vil bli like hardt belasta av vêret enn Hafast.

Treng hjelp frå offshore

Den erfarne brubyggjaren syns dette er spennande. Bruteknologien kjem til kort og dei treng hjelp frå offshore-bransjen.

– Saman må vi lage ein ny teknologi for den nye generasjonen av bruer.

Verdens største cruiseskip går inn Storfjorden, og derfor må brua vere svært høg.

– Enten må vi lage ei bru som er 70 meter høg, eller så må vi gå ned i djupet, og det er ikkje gjort før.

Det finst ikkje eit regelverk for slike bruer – det må bli utvikla heilt frå starten av, fortel eksperten. Håpet er å starte bygging i 2020. Hasselø håper at teknologien er klar til då.

– Men det spørst kor fort vi kjem fram til dei tekniske løysingane, men så lenge vi har tilgang til nok pengar og kunnskap så kan vi sette inn trykket og få løyst fleire fjordkryssingar samtidig.

Siste video/lyd

Mange geitebønder i landet vil ha den elektriske geiteklaven til Gjemnesbedrifta Nofence. Produksjonen pågår for fullt, men geiteklaven er enno ikkje godkjend. Gründerbedrifta treng beitesesongen 2017 for å gi Mattilsynet dokumentasjonen dei krev.
Dei fleste har meir enn nok med å SJÅ utfor kanten på den hundre meter høge Zakariasdammen i Tafjorden på Sunnmøre.
Men det finst folk som vil betale for å få seg ein luftig tur. Og frå neste veke av kan dei gjere akkurat dét...
Fiskesperra som skal redde den nasjonale lakseelva Driva, blir slakta av ekspertar på behandling av gyrosmitte. Miljødirektoratet er ansvarleg for prosjektet til seksti millionar kroner. Dei meiner det trengst berre små justeringar.