Hopp til innhold

– Det kunne gått liv

Det var berre flaks at ingen blei treft då nokon kasta fleire store steinar frå byfjellet i Ålesund i helga. – Livsfarleg og meiningslaust, meiner kommunen.

Byrampen Ålesund

Trappene opp til byfjellet i Ålesund er eit populært turmål og blir mykje brukt. Natt til søndag har nokon kasta fleire store steinar nedover trappene.

Foto: Gunhild Sætre / NRK

Ein ramponert «Byrampen» var det som møtte turistar og andre turgåarar i Ålesund søndag morgon. Nokon hadde knust glaset på det populære utsiktspunktet og rampen måtte stengast av sikkerheitsmessige årsaker.

Skader på Fjellstuetrappene

Det er tydelege skader på trappene og rekkverk.

Foto: Gunhild Sætre / NRK

Ved nærare undersøkingar har kommunen no funne spor etter fleire store steinar nedover dei populære Fjellstuetrappene i Ålesund.

– Det verkar som om steinar har blitt kasta og dytta nedover trappeløpet. Vi ser merker både på trappetrinna og rekkverket og det er tydelege spor av steinar, både heile og knuste, nedover trappene, seier Steven Bendal, overingeniør i Ålesund kommune.

Alvorlege konsekvensar

Fjellstuetrappene er med sine 418 trappetrinn eit av dei største turistmåla på Sunnmøre og blir besøkt av tusenvis av turistar kvart år.

Steven Bendal og Oddvar Kongsvik

Oddvar Kongsvik og Steven Bendal i Ålesund kommune er glad ingen blei skadd.

Foto: Gunhild Sætre / NRK

Bendal står like ved «Byrampen» og peiker nedover trappene. Han synest det er trist at nokon truleg har gjort det med vilje.

– Det er livsfarleg og totalt meiningslaust. Den som har gjort dette kan ikkje ha tenkt på konsekvensane. Du ser ikkje heile trappa herifrå, så det er heilt umogleg å vite om det kjem folk lenger nede, seier han.

Oddvar Kongsvik, einingsleiar i Ålesund kommune, nikkar på hovudet.

– Det går mykje folk her kvar dag og det er svært beklageleg at nokon har gjort dette. Det er ei fare for dei som bruker trappene og i verste fall kunne det gått liv, seier han.

Sjokkerte turistar

Utsiktspunktet «Byrampen» ligg om lag midtvegs i trappene opp mot Fjellstuen i Ålesund og har blitt eit populært turistmål og ynda fotoobjekt. Turistar som gjekk opp dei populære trappene i dag er skaka over hendinga.

Trond Børge Åsbu

Turist Trond Børge Åsbu er sjokkert over det som har skjedd.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

– Det er ikkje noko kjekt å sjå. Ikkje får vi gå ut å sjå på den heller, så det er trist, seier Trond Børge Åsbu.

Brødrene Simon og Joakim Haugen er på ferie i Ålesund og hadde tatt turen til trappene i dag. Også dei synest hærverket er unødvendig.

– Det er berre tull og fanteri.

– Eg synest det er idiotisk. Folk kunne blitt skada.

Har fått inn tips

Hærverket er no meldt til politiet og saka er under etterforsking.

Skader Fjellstuetrappene

Det er spor etter steinar fleire stadar ved og utanfor Fjellstuetrappene.

Foto: Gunhild Sætre / NRK

– Vi har fått inn tips og vil snakke med namngitte personar, seier politibetjent Harald Simonsen.

Kommunen vil også vurdere tiltak for å hindre at nokon liknande skjer igjen.

– Vi vil vurdere overvaking, men det er ein lang prosess ettersom dette er eit offentleg område, seier Kongsvik.

Kommunen håper å kunne opne «Byrampen» igjen om ei til to veker.

– Vi håper å kunne skifte glaset så snart som råd slik at ting kan gå tilbake til normalen, seier Bendal.