Hærverk i Guds hus
Togkapellet på Åndalsnes må halde stengt i ein månad på grunn av hærverk. Togkapellet er eit rom der en kan gå inn for ei stille stund. Styreleiar i stiftinga Åndalsnes Togkapell, Ove Lars Østigård, seier til Åndalsnes Avis (betalingssak) at det har vore gjort hærverk siste sju åra, men det toppa seg i helga. Dei må no vurdere om dei må redusere opningstidene viss kapellet ikkje får stå i fred.