Hopp til innhold

Forsvarte kronisk sjuke: – Hadde ikkje venta den enorme merksemda

Silje Røvik frå Molde har fått massiv respons den siste veka, etter at innlegget der ho forsvarer navarar har blitt lest av fleire hundre tusen.

Silje Røvik

Silje Røvik sitt innlegg har i løpet av få dagar blitt lest av fleire hundre tusen. Røvik studerer ho sosialfag ved Høgskulen i Volda.

Foto: Ellen Fredriksen

– Det er eigentleg noko eg har tenkt på ei stund. Dei som får støtte frå Nav får ufortent mykje hat og kommentarar, når dei eigentleg kjemper hardt, forklarer Silje Røvik.

Navarar latar ikkje som om dei er sjuke, dei latar som om dei er friske

Silje Røvik

Det skreiv den 21 år gamle sosionomstudenten frå Molde i eit innlegg i Aftenposten tidlegare denne veka.

– Det er mange som påstår at dei lèt som om dei er sjuke og at dei ligg og sløvar heile dagen. I staden er det slik at dei lèt som om dei er friske, når dei er ute blant folk.

– Kva er det ved dette som provoserer deg?

– Når folk skriv slike ting får eg lyst til å stå opp for dei som kanskje ikkje tør eller klarer det sjølv. Det meiner eg er viktig!

Ho har lest om temaet tidlegare, og hugsar spesielt ein artikkel om nokon som melde frå til Nav fordi ein person hadde delt eit turbilde på Facebook.

– Det er utruleg at folk får seg til å gjere slikt, seier Røvik.

Uventa stor merksemd

I løpet av få dagar har fleire hundre tusen har lest innlegget, som også har blitt delt heftig i sosiale medium.

– Det var verkeleg ikkje venta. Eg trudde det ville stå i avisa den eine dagen og bli gløymt etter det.

I staden har Rørvik fått mange tilbakemeldingar etter innlegget. Ho forklarar at ho har lest mykje i kommentarfeltet, men også fått meldingar frå folk. Ei av dei gjorde ekstra inntrykk.

– Ei dame sa at ho var vaksen og trygg på seg sjølv, men ho synest det var veldig fint at nokon sette ord på det ho alltid hadde tenkt sjølv, forklarer Røvik.

Vil ha endring

Rørvik trur det er mange som har negative tankar om navarar fordi dei ikkje veit kva som er realiteten. Det ønsker ho å endre på no, ved å skape diskusjon om temaet.

Ho trur nøkkelen ligg i å kommunisere, og at folk er villig til å dele sine historier.

– Eg trur nok dei fleste har lyst å fortelje, dersom dei blir spurt og det er godt meint.

– Det er mykje betre å spørje enn å komme med stygge kommentarar, legg ho til.

Røvik seier ho blir sint når folk får seg til å trakke på desse menneska, som kjemper sin livs kamp.

– Kvifor skal ikkje dei ha lov å ha eit godt liv utan at nokon kommenterer det, spør ho.

– Dei har jo like mykje rett på det, og det er kanskje enda viktigare å ha gode opplevingar når ein er sjuk, konkluderer Røvik.