– Vi fekk melding om røykutvikling ved asylmottaket i Sunndal klokka 12.46. Det viste seg at nokre eggekartongar hadde blitt tent på i ein gang på asylmottaket.
Det opplyste operasjonsleiar Leif Bergem-Ohr i Nordmøre og Romsdal politidistrikt tidleg måndag ettermiddag.
Brannen blei raskt sløkt, og skadane var relativt små og ingen personar blei skadde. Brannen blei derimot tent på av nokon.
Tenåring stod fram
Politiet etterforska saka vidare, og litt seinare måndag innrømte ein tenåring som bur på asylmottaket kva han hadde gjort.
– Guten i starten av tenåra har innrømt at han starta brannen, seier Bergem-Ohr.
Politiet har prata med guten, som erkjenner å stå bak, men han blir ikkje arrestert på grunn av den unge alderen.