Hopp til innhold

Gut (5) påkøyrd i Sunndal

Ein fem år gamal gut er påkøyrd av ein bil i Sunndal. Guten er sendt til sjukehus for sjekk.

Påkøyring Sunndalsøra

5-åringen vart påkøyrd av bilen søndag ettermiddag i eit bustadfelt på Sunndalsøra.

Guten kom gåande ut i vegen bak ein parkert bil, seier operasjonsleiar Rolf Anders Korstad til NRK.

– Bilføraren såg han ikkje fordi han kom gåande ut i vegen bak ein parkert bil.

Politiet fortel at bilen hadde lav fart og guten verkar uskadd, men vert likevel sendt til sjukehus for ein sjekk.

– Han framstod som uskadd, men vart sendt til sjukehus for ein sjekk.

Den mannlege bilføraren vart avhøyrd og politiet opprettar sak.

Laster Twitter-innhold