Hopp til innhold

Gut (4) til sjukehus med klemskadar etter farleg leik i bil

Ei kvinne i 40-åra er meldt til politiet etter at ho køyrde bil med to 4-åringar i bagasjerommet.

Kvinna, som er i nær familie med guten, var klar over at borna var i bagasjerommet då ho byrja å køyre. Den eine 4-åringen fall under bilen og vart sendt til sjukehus med klemskadar.

Operasjonsleiar i Nordmøre og Romsdal politidistrikt, Sigvart Sivertsen, seier til NRK at politiet ser alvorleg på at kvinna har vore med på ein slik leik.

– Det er ikkje bra at ein vaksen person leikar med ungar med ein bil i fart. Ho visste at gutane var i bagasjerommet då ho byrja å rygge.

Klemskadar

Ulykka skjedde på Tornes i Fræna, ved huset til den skadde guten. Politiet trur bilen har hatt lav fart.

– Kvinna merka ikkje at guten hadde falle ut før ho svinga og traff han, fortel operasjonsleiar Sivertsen.

– Kva som er motivet for ein slik leik er ikkje godt å vite.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 13.09 torsdag.

– Guten var medviten då han vart henta av ambulansepersonellet og han klarte å svare på spørsmål.

Politiet har inndrege førarkortet til kvinna.

Klokka 14.30 opplyser Helse Møre og Romsdal at guten er lettare skadd, tilstanden er stabil og at han ligg til observasjon på intensivavdelinga ved Molde sjukehus.

Tornes

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL