NRK Meny
Normal

Guro skjemst ikkje over å ha demens

Det aller første Guro Stokke gjer når ho kjem inn i butikken, er å fortelje dei tilsette at ho har demens og treng hjelp.

Guro og Ole Kristian Stokke

Då Guro Stokke fekk diagnosen demens for over tre år sidan bestemte ho og ektemannen Ole Kristian seg for å vere open om det.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Guro Stokke frå Kristiansund har laga kaffi og sett fram koppar og sjokolade i ei skål. For tre år og eit halvt år sidan fekk ho diagnosen demens og det var eit hardt slag for både henne og mannen Ole Kristian. Dei bestemte seg raskt for å ikkje mure seg inne, men vere opne om diagnosen.

– Folk reagerer når eg fortel det. Nokre trur ikkje på det. Eg er jo like eins som eg har vore, fortel Guro Stokke.

LES OGSÅ:

Ber om hjelp

Guro og Ole Kristian Stokke

Ekteparet har lært seg at alt tar mykje lengre tid i den nye kvardagen.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Kristiansundskvinna skjemst ikkje over å ha demens og når ho er åleine på butikkar plar ho seie frå til dei som jobbar der at ho treng hjelp. Ektemannen er ikkje så glad i vere i klesbutikkar og då går ho åleine.

– Eg fortel at eg har demens og at eg treng hjelp. Då spring dei av garde og spør kva eg vil ha, ler Guro.

Ole Kristian nikkar. Han er imponert over kor hjelpsam folk og opplever at det å vere open om sjukdomen gjer alt lettare.

Tabu å ha demens

Minst 70.000 personar i Noreg har diagnosen demens. Trass i aksjonar og kampanjar er demens enno prega av tabu, seier Monica Ødegård ved geriatrisk poliklinikk i Kristiansund.

– Du vert plassert i ein bås ganske fort. Folkesnakket kan vere med å halde oppe tabuet, seier Ødegård.

Finn ikkje ord

Ekteparet har kome tettare på kvarandre etter at Guro vart sjuk. Dei er saman det meste av dagen frå dei står opp til dei legg seg.

– Livet har blitt slik at det har blitt meir og meir Guro og meg, seier Ole Kristian. Sjølv deltek han på pårørandeskule, og saman går dei på demenskafe.

Det Guro slit aller mest med er å orientere seg når ho er ute på kjøpesenter eller liknande. Ho opplever også at ho ikkje finn riktige ord når ho pratar. Alt tar også meir tid. For Ole Kristian har det vore vanskeleg.

– Eg er slik som vil ha gjort alt raskt og effektivt. No må eg rekne med at alt tar meir tid og eg kan ikkje bli sur og grinete for det, seier Ole Kristian.