Kvart år når det blir varmare og snøsmeltinga fører vatn ned i dei ustabile sprekkene i fjellpartiet, aukar rørslene i fjellet.
Men i år skjer dette tidlegare enn vanleg.
– Normalt har dette skjedd ut i juli, så det er altså tidlegare enn vanleg. Dette skjer nok fordi fjellet blir litt svakare for kvart år, seier seksjonsleiaren i NVE, Lars Harald Blikra.
Utvida seg seks meter
Det rasutsette fjellpartiet flytta seg meir i fjor enn dei fire siste åra til saman.
Årsoppsummeringa til NVE viste at den øvre delen av fjellet flytta seg over seks meter sommaren og hausten 2018. Den nedre delen flytta seg over éin meter.
Vinteren og frosten stabiliserer fjellet og rørslene, men no startar det igjen.
– Rørslene aukar når vi har fått god gang i snøsmeltinga og det blir varmare. No rører fjellet på seg både i øvre og nedre del. Vi har rundt ein centimeter bevegelse i døgnet i øvre del, og eit par millimeter i den nedre delen.
Regn
Geologane har tidlegare forsøkt å tilføre vatn for å få skredet til å gå. Dette prosjektet blei avslutta, men vatn får fart på fjellet, og det er meldt ein del regn på fjellet frå søndag.
Blikra seier dei vil halde nivået på gult resten av sommaren - fram til dei eventuelt må auke til oransje eller raudt og dei som bur under fjellet blir evakuerte.
– Grunnen til at vi set til gult, er at vi skal passe på litt oftare og ha kontroll på situasjonen. Det skal lite til at rørslene aukar når det først har starta. Vi får berre vente og sjå kva som skjer, seier han.
NVE kjem no til å sende ut dagsrapportar for Veslemannen via varsom.no kvar dag så lenge farenivået er heva.