Hopp til innhold

Rekordfangst for fisketrålar

Fabrikktrålaren Granit leverer rekordresultat. Fem vekers fiske i nordlege farvatn gav 35 millionar kroner i kassa.

Fiskebåten Granit

Fem vekers fiske i nordlege farvatn gav 35 millionar kroner i kassa for fiskebåten Granit.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Sjølv fiskereiaren som har vore lenge i bransjen har aldri opplevd makan til resultat.

– Nei, vi har ikkje hatt ein slik tur før. Ikkje på 40 år. Fiskenæringa går mykje opp og ned og difor er det svært gledeleg med eit slikt resultat, seier fiskebåtreiar Inge Halstensen i Halstensen Granit AS til NRK.

Det var Sunnmørsposten som først omtalte saka.

720 tonn på fem veker

Og det er berre smil og latter om bord i fiskebåten Granit. På rekordtid har mannskapet slått alle tidlegare resultat.

– Ja det er godt å få pengar på konto. Vi jobbar hardt og effektivt i skift på seks timar slik at belastninga ikkje blir for stor, seier fiskar Terje Kristoffersen med eit smil.

Bjørn Moldskred, skipper om bord i M/S Granit

Bjørn Moldskred, skipper om bord i M/S Granit, er fornøgd med mannskapet.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

720 tonn kvitfisk er tatt opp på fem veker og i dag kom dei i land med siste rest av fangsten som blei tatt opp i Barentshavet og i Vesterålen. No skal filetar av torsk, hyse, sei, og kveite vidare til kundar. Verdien av fangsten er vurdert til 35 millionar kroner, skipperen kan ta turnusfri med god samvit.

– Det har vore ein fin tur med fisk i sjøen og folk i fabrikken som har tatt seg av fangsten, så det har gått veldig greitt og smertefritt, seier Bjørn Moldskred, skipper om bord i M/S Granit.

Men det var ikkje før dei var på veg tilbake at det gjekk opp for mannskapet at dei kunne levere eit rekordresultat.

– Det var full peis heile turen og mannskapet var fokusert på den jobben dei skulle gjere. Det var først når vi var på veg heim igjen at vi innsåg det, seier Moldskred.

Rosar mannskapet

I fire generasjonar har familien til Halstensen drive reiarlaget. Reiarlaget har heldt på med fiskeri sidan oppstarten i 1910.

Mykje fisk i havet, låg kronekurs og god kvalitet på produkta som blir laga om bord i båten er grunnen til at resultatet har blitt så godt, meiner Halstensen. Men reiaren trur også kvaliteten på mannskapet har hatt mykje å seie.

Inge Halstensen i Halstensen Granit AS

Inge Halstensen i Halstensen Granit AS rosar mannskapet om bord i båten.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Det er dedikerte folk som elskar å jobbe og elskar å jobbe hardt. Eg er ganske imponert og full av beundring for mannskapet, seier han.

Fiskebåten blei kjøpt frå Vartdalsreiarlaget for om lag tre år sidan. Då blei også ein del av mannskapet på 60 med på kjøpet. Halstensen full av lovord over mannskapet og jobben dei har gjort.

– Eg er svært fornøgd med mannskapet, og sjølv om ein del av dei berre er på utlån håpar eg dei vil fortsette å jobbe for oss også i framtida, seier han.

Og det er også ein stor del av demokrati om bord i båten.

– Heile mannskapet, og ikkje berre dei rundt 30 som var ute denne turen, deler inntektene likt, seier Halstensen.

Fabrikk om bord i båten

Fisket har vore så godt at Granit har mellomlossa fleire gongar i løpet av turen. Og det er ikkje berre fiskefiletar av høg kvalitet båten produserer.

Fiskebåten Granit

Fiskebåten Granit leverer rekordresultat.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK
Terje Kristoffersen

Fiskar Terje Kristoffersen er klar for å reise ut i fem nye veker.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Alle råvarene vert nytta. Ein avansert fabrikk om bord i båten gjer det nemleg mogleg for mannskapet å lage fiskemjøl av avskjeret.

Av dei totalt 720 tonna med fisk som blei tatt opp går 180 tonn av det til produksjon av fiskemjøl.

– Det blir mellom anna brukt i matproduksjon og som tilsettingsstoff til mat, og utgjer to millionar av inntekta på 35 millionar kroner, seier Halstensen.

Men reiarlaget gir seg ikkje med det. Halstensen satsar stort og ein ny og betre båt er allereie under bygging.

– Den nye båten vil ha ein meir moderne fabrikk som gjer det mogleg å produsere både fiskemjøl, fiskefôr og fiskeolje om bord, seier Halstensen.

I mellomtida gjer dei tilsette om bord i båten seg klar for mannskapsbytte. Denne gongen skal dei til Nordsjøen. Men det er likevel ikkje alle som er klare for å reise heim.

– Nei eg blir med ut igjen. Vi forventar ikkje dei same rekordane i Nordsjøen, risikoen er større der, men det blir nok ein fin tur likevel, seier fiskar Terje Kristoffersen.

Sjå også:

Rekordfiske får smilet fram hos mannskapet på fiskebåten Granit.
I løpet av fem veker har dei halt inn fangstar til rundt 35 millionar kroner. Ingen har oppplevd makan.

Sjå tv-saka: Fabrikktrålaren Granit leverer rekordresultat