Store inntekter
Allereie før semifinalen hadde MFK skaffa seg ein million på cupeventyret.
Hallgeir Gammelsæter er professor i organisasjon på Høgskolen i Molde. Han har studert toppfotballklubbar på nært hald, og seier at både Molde og Aalesund overlever som følge av nøktern drift.
Erfarne leiarar
- I tillegg har desse klubbane ein kontinuitet i leiinga der det sit personar som har lært av eigne bitre erfaringar, seier Gammelsæter.
Kjell Inge Røkke og Aker er viktig for Molde-økonomien, men det er ti år sidan mirakelet på Mallorca, der MFK kvalifiserte seg til Meisterligaen. Og i den nye Europaligaen som kjem neste sommar/haust kan Molde håve inn endå meir pengar.
I tillegg er det ei enorm interesse for drakter og klubbeffektar. Også dette gir gode inntekter.