Hopp til innhold

Gull igjen til Martine

Tok sitt andre gull på to dagar.

Martine Lorgen Øvrebust

Martine Lorgen Øvrebust tok laurdag gull nummer to under junior-NM i langrenn.

Foto: Privat

Langrennsløparen Martine Lorgen Øvrebust frå Stordal tok gull på 5 km klassisk under junior-NM i Jervskogen i Hommelvik laurdag.

– Dette hadde eg ikkje trudd. Eg vann fristil suverent fredag, men hadde ikkje venta å gå til topps i klassisk, seier stordalsjenta til NRK Møre og Romsdal.

Ho var 8,3 sekund føre Marte Mæhlum Johansen frå Østre Toten, som vart nummer to.

Martine Lorgen Øvrebust

Stordalsløparen er eit av dei største talenta i norsk langrenn.

Foto: Privat

– Det er spesielt for meg å vinne i klassisk. Det vare eit tungt løp, der eg måtte jobbe hardt for å henge med, seier stordalsløparen.

Rann frå konkurrentane

– Det var lite snø og vanskelege forhold. Eg hadde lite feste på skiene, men det var planlagd. Eg tok det att i nedoverbakkane, og planen fungerte.

Fredag vann Martine Lorgen Øvrebust 10 km fristil i junior-NM. Då var ho heilt suveren i dei trønderske løypene. Ho kom i mål 1 minutt og 39 sekund føre sølvvinnar Kristina Skjevdal.

Supertalent

Martine Lorgen Øvrebust konkurrerer i Jenter 18, og må reknast som eitt av dei fremste norske langrennstalenta.

Søndag skal Øvrebust delta på Møre og Romsdal sitt lag på 4x3,75 km stafett i Hommelvik. Ho går saman med Ingvild Øye frå Hovdebygda og emblemsløparane Ingrid Nerem og Sigrid Jakobsen.

Resultat, junior-NM, 5 km klassisk, jenter 18 år:

1. Martine Lorgen Øvrebust Stordal IL
2. Marte Mæhlum Johansen NTG-L/ Østre Toten Skilag, 8,3 sek bak
3. Julie Victoria Berg, Leksvik IL, 13,2 sek bak

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL