Kyrkjelyden har samla seg til messe på branntomta kvar nyttårsaftan, men denne gongen blir det midnattsmesse i den nye kyrkja, sjølv om sjølve kyrkjebygget ikkje er ferdig enno.
Sjølv om det manglar mellom anna møblar, trur residerande kapellan Jens Terje Johnsen det blir ei spesiell og stemningsfull gudsteneste.