Hopp til innhold

Grytebust klar om sjansen byr seg

AaFK-keeper Sten Grytebust er klar til å hoppe inn i landskampen mot Albania på fredag.

AaFK-keeper Sten Grytebust er klar til å hoppe inn i landskampen mot Albania på fredag.

AaFK sin keeper Sten Grytebust trur ikkje han får speletid i kampen mot Albania, men han nyttar tida likevel godt til å vise seg fram på fotballbana.

AaFK-keeper Sten Grytebust er med i den norske troppen til den viktige VM-kvalifiseringskampen mot Albania fredag kveld.

Grytebust reknar ikkje med speletid, men han sett stor pris på å vere med det norske A-landslaget for aller første gong.

– Det er første gong eg er med landslaget, så eg er litt læregut. Eg kosar meg veldig, eg.

Les også:

– Dei har tatt godt imot meg

AaFK-keeperen har lenge hatt som mål å kome på landslaget,og no er han endeleg med i troppen.

– Eg kjenner ein del av dei andre spelarane, men ikkje alle, så eg må prøve å kome meg inn i gruppa og få vist meg fram, seier Grytebust som er på plass i Albania.

23-åringen skryt av måten han har blitt tatt imot på av resten av landslaget.

– Det er ein fin gjeng som har tatt veldig godt imot meg. Det har gått veldig bra!

Spesiell kamp

Noreg må vinne morgondagens landskamp mot Albania for å halde liv i VM-håpet, og keeperen frå Ellingsøya i Ålesund vil gjerne ha med ein siger frå sin første tur med Drillo's.

– Eg har store forventningar. Det er ein kamp vi går for å vinne, sjølvsagt. Det blir ein spesiell kamp. Eg har spelt fotball i Albania før, så eg veit korleis stemninga på stadion bruker å vere.

Blir du veldig skuffa om du ikkje får prøve deg i kampen?

Nei, eg blir ikkje så veldig skuffa om eg ikkje får prøve meg i mål i morgon. Det er min første kamp og eg må prøve å kome litt inni det først. Vi er tre målvakter, og det er opplagt at Rune er førstevalet.

– Alltid fordelar som landslagsspelar

Sjølv om Grytebust ikkje reknar med speletid mot Albania, trur han at det å ha blitt tatt ut til landslaget vil bety mykje for den vidare karrieren hans.

– Det er kjempeviktig. Du har alltid fordelar om du er landslagsspelar.

– Du skaper ny motivasjon for deg sjølv. Om du ein gong vil spele fotball utanfor Noreg, så hjelp det veldig å vere med på landslaget, så eg er veldig glad for at eg er her, avsluttar AaFK-keeperen i prat med NRK.