Hopp til innhold

Stålset seg til ny runde i retten etter å ha tapt millionar

Tone og Svein Henjesand (47) blei tidlegare i sommar tilkjent om lag to millionar kroner i erstatning etter å ha fått mangelfull rådgjeving i banken. Men no ankar Nordea.

Svein og Tone Henjesand

Svein og Tone Henjesand ser ikkje fram til nokon ny runde i retten. Dei hevdar dei blei rådde til å investere i valutalån med svært høg risiko, trass i at dei hadde sagt at dei ønskte det motsette.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Draumen om eit sommarhus i Frankrike blei langt frå det dei hadde trudd, då ekteparet i 2008 tok opp eit valutalån for å finansiere huset. Etter kort tid viste det seg å bli langt meir kostbart enn venta, og tidlegare i sommar blei Nordea dømd for å gitt mangelfull rettleiing. Retten karakteriserer lånet som banken rådde dei til å ta opp som eit høgrisikoprosjekt.

Men no ankar Nordea.

– Uansett om vi var førebudde på at det kunne bli ein anke, så var det eit slag i magen, seier Tone Henjesand.

Ekteparet meiner den endelege dommen kan bli svært viktig fordi mange andre nordmenn har tatt opp liknande lån.

Les også:

Ber folk vere skeptiske

Alt starta då trebarnsmora frå Haram på Sunnmøre fekk forskot på arv frå foreldra i 2006. For at pengane skulle bli brukt til noko som hadde varig verdi, og for å ha ein stad å samle familien, bestemte dei seg for å kjøpe eit sommarhus i Provence i Frankrike.

Tone Henjesand ser på feriehuset i Frankrike

Tone Henjesand hadde ein draum om at huset i Frankrike skulle bli ei sikker investering for framtida. Ho og ektemannen ber politikarane sørge for eit sterkare vern mot det dei kallar finansgigantar.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Men for å klare det, måtte dei låne 2,5 millionar, og i den lokale banken sin på Sunnmøre fekk dei råd om å ta opp valutalån i sveitsiske franc. I ettertid seier ekteparet at folk generelt bør vere skeptiske når dei går i banken.

– Du skal ikkje sluke rått det som blir sagt, det sit ein på andre sida som gjerne vil tene pengar, seier Tone Henjesand.

Vann første runde i retten

Ekteparet vann fram i Sunnmøre tingrett i juni i år. I dommen blir det mellom anna vist til at sveitsiske franc styrka seg kraftig mot norske kroner umiddelbart etter at dei hadde tatt opp lånet på 2,5 millionar. Etter kort tid var lånebeløpet stige til over fire millionar, og ifølgje retten fekk familien dårleg råd.

Retten konkluderte med at Nordea burde ha frårådd ekteparet å inngå valutalån, sidan avtalen direkte var i strid med familien sitt ønskje om låg til moderat risiko.

Dermed blei Nordea dømd til å betale til saman to millionar kroner i erstatning. Retten viste mellom anna til at det var element ved låneavtalen som medførte ei uforståeleg og unødvendig risikoauke.

Det var ein karamell å suge på ei stund, men så må ein til kamp igjen, seier Svein Henjesand.

Håper på ny siger

Han seier begge ektefellane har fått ei rekkje helseplager som følgje av striden rundt pengeplasseringa, og at det har gått ut over livskvaliteten.

Likevel gir dei ikkje opp håpet om å vinne fram på nytt.

– Dersom rettferda sigrar til slutt, så er det håp, seier Svein Henjesand.

Nordea stadfestar i ein e-post at dei ankar saka:

«Nordea påanker avgjørelsen. Anken gjelder tingrettens avgjørelse i sin helhet, og retter seg mot tingrettens bevisvurdering og rettsanvendelse».

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL