Grunnstøytte på same stad som «Kong Harald»

Fem personar måtte gå i bergingsflåten då dei gjekk på grunn i skipsleia mellom Ålesund og Molde i natt.

Båt på grunn

Fleire båtar kom raskt til då ein fiskebåt grunnstøytte på Lepsøyrevet.

Foto: Redningsselskapet

Ein redningsaksjon blei sett i verk i 03-tida i natt, seier redningsleiar Kjetil Hagen til smp.no.

Grunnstøytinga skjedde på Lepsøyrevet i Haram. Det er same staden som hurtigruteskipet «Kong Harald» grunnstøytte i 2011.

– Det blei sendt ut ambulansehelikopter frå Ålesund, redningshelikopter frå Florø og ambulansebåt, seier Hagen til avisa.

Også redningsskøyta «Idar Ulstein» og ein losbåt frå Kystverket kom til havaristen ved 04-tida.

I 08.30-tida opplyste hovudredningssentralen at den 29 meter lange fiskebåten «Arcti» er tatt av grunn. Båten er registrert med namnet «Arctic Star», gjennom AIS (Automatisk identifikasjonssystem for skip).

Ifølgje Sjøfartsdirektoratet var båten registrert med norske eigarar fram til 2013. Dei har ingen informasjon om kven eigaren av båten er i dag.

Fiskebåten vart slept til Vegsundet Slip. Der ventar reparasjon.

Mannskap frakta til Ålesund

– Dei som var om bord blei tatt over til «Nordskyss» og så inn til Ålesund, fortel skipsførar om bord i redningsskøyta Idar Ulstein, Tom Kausanrød til NRK.

Fiskebåten er registrert med flagget til Cookøyane, ei øygruppe i Stillehavet. Det skal ikkje ha vore nordmenn om bord i båten, opplyser Kausanrød.

Politiet har forsøkt avhøyr av mannskapet og det skal ikkje vere mistanke om promille.

Redningsskøyta låg i fleire timar ved havaristen, men berre for å passe på at fartøyet ikkje skulle drive av, eller at situasjonen skulle endre seg.

Vêret skal ha vore fint i området.

– Fiskebåten sto ganske hardt på med slagside når det var låg sjø. Då det blei høgsjø fekk vi båten av grunn på første forsøk, men den må nok ha reparasjon, seier Kausanrød.

Båt på Lepsøyrevet

Det var fint ver og låg sjø på staden der grunnstøytinga skjedde.

Foto: Heidi Ulfsnes