Den svenske sementbåten M/V Cemstar grunnstøytte litt over midnatt nær Haugsholmen i Sande. Båten var på veg til Spjelkavik i Ålesund med sement.
Ingen skadde
Båten tok inn litt vatn, men veret i området var godt, og det var ikkje fare for verken båt eller mannskap, opplyser Hovudredningssentralen på Sola. Ei redningsskøyte var på staden.
Det er ei besetning på 11 om bord. Ingen blei skadde i grunnstøytinga. Det har heller ikke vore lekkasje av olje, skriv eigarselskapet i ei pressemelding.
Må dumpe sementlast
Den 114 meter lange M/V Cemstar er lasta med 5000 tonn sement. Omlag 500 tonn av lasta vil bli dumpa for å sikre oppdrifta til skipet før det blir slept av grunn, melde eigarselskapet i dag tidleg.
Dei 500 tonna sement som blir dumpa får få eller ingen miljøkonsekvensar, skriv eigarselskapet. I følgje pressemeldinga vil sementen blande seg med sjøvatn og forsvinne etter kvart.
Norskeigd
M/V Cemstar er registrert på Gotland og fører svensk flagg. Det er Klaveness Cement Logistics AB, eit dotterselskap av det norske konsernet Torvald Klaveness Konsern AS som eig skipet