Hopp til innhold

Vil bruke lakseskatten for å unngå ferjekutt

Skatteinntekter frå oppdrettsnæringa kan sikre ferjetilbodet i Møre og Romsdal.

Ferja Suløy som går mellom Sulesund og Hareid.

Nye inntekter gjer at politikarane unngår kutt i ferjetilbodet i Møre og Romsdal.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Fylkeskommunen har mangla om lag 200 millionar kroner for å halde fram med ferjedrifta som i dag, og dårleg økonomi har pressa fram kuttforslag.

Men no har politikarane funne ei løysing som verken vil gje færre avgangar eller dyrare billettar.

Vil bruke skattepengar

Om det ikkje kjem meir pengar over statsbudsjettet til ferjedrift neste år, går fleirtalet på Fylkestinget inn for at pengane frå grunnrenteskatten på havbruk og produksjonsavgifta på havbruk blir brukt til å stoppe dei varsla kutta i ferjetilbodet.

– Vi synest det er rimeleg at dei som skaper dei skatteinntektene får midlane tilbake ved at vi ikkje kuttar ferjetilbodet dei er avhengig av, seier Kristin Sørheim (Sp), leiar av samferdselsutvalet.

Politikarane veit enno ikkje eksakt kor mykje fylket vil få inn gjennom skattar frå havbruksnæringa, men ifølgje Sørheim gjer berekningar at dei er sikre på at det vil vere nok til at dei slepp å kutte i ferjedrifta eller auke takstane.

Kristin Sørheim under Fylkestinget 20. juni 2023

Kristin Sørheim (Sp) tok ordet under behandlinga av saka på Fylkestinget. Forslaget om å bruke inntekter frå grunnrenteskatten til ferjer kom frå fleirtalet på Fylkestinget som består av Ap, Sp, SV og MDG, V og KrF.

Foto: Silje Thalberg / NRK

– Kunne fått det til på anna vis

Ein av dei som må vere med på å betale, er laksegiganten Mowi. Selskapet er motstandar av grunnrenteskatten på havbruk, men er også, som alle andre oppdrettarar, avhengig av at ferjene går ut til anlegga deira.

– Det er bra at Møre og Romsdal ønsker å anvende inntektene frå vår næring til å betre ferjetilbodet, men det kunne dei også ha fått til med ei anna innretning og eit anna skattenivå som ikkje rammar investeringar og sysselsetting på same vis, seier kommunikasjonsdirektør Ola Helge Hjetland.

Vidare seier han at næringa er positiv til å bidra meir utover skatt, men at Mowi ønskjer ein omkamp om grunnrenteskatten – uansett kva pengane brukast til.

Ola Helge Hjetland

Ola Helge Hjetland er kommunikasjonsdirektør i Mowi.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

– Veldig bra

Regjeringa anslår at den samla grunnrenteskatten for havbruk i år kan bli inntil 3,8 milliardar kroner. Fylkeskommunane får ein lågare andel av grunnrenteskatten enn kommunane.

At Møre og Romsdal fylkeskommune vel å bruke desse inntektene til ferjedrift, får tommel opp frå finansminister Trygve Slagsvold Vedum.

– Det er veldig bra at skatteinntektene kan gå til tilbod havbruksnæringa sjølv treng. Eg kan skjønne at nokon av dei største aktørane helst ville behalde pengane sjølve, men noko av poenget med Noreg er at om ein har veldig store inntekter, så må ein dele meir, seier Vedum som peiker på at dette er i tråd med intensjonen med den omstridde skatten.

Trygve Slagsvold Vedum

– Pengane kan gå til skular, sjukeheimar eller ferjer, som i Møre og Romsdal. Det var målet, også at mykje skulle gå tilbake til kysten, seier Trygve Slagsvold Vedum.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Ville heller auke prisane

Fleirtalet på Fylkestinget gjekk imot fylkeskommunedirektøren si innstilling om å auke prisane på ferjebillettane. Høgre var samd med fylkeskommunedirektøren, og var ikkje nøgd med løysinga for vidare ferjedrift.

– Vi er prinsipielt imot å bruke grunnrenteskatten. Vi synest i likskap med næringslivet at det er betre å betale for ferja, enn at ferja sluttar å gå, seier Monica Molvær, andrekandidat til fylkestinget for Møre og Romsdal Høgre.

Monica Molvær under Fylkestinget 20. juni 2023.

Monica Molvær frå Høgre under Fylkestinget i Fosnavåg.

Foto: Silje Thalberg / NRK

Les også Krass kritikk etter at Høyre kutter gratis ferge i eget budsjettforslag: – Distriktsfiendtlig

– Risiko

Sidan Stortinget har vedteke at ferjetakstane skal halverast og at det skal vere gratis å reise til øyer og på små samband, meiner Sørheim at det ville vore uklokt å auke takstane.

– Det vil sjå merkeleg ut og vere risikabelt å setje opp ferjetakstane. Stortinget kan da kome til å trekkje tilbake kompensasjonen.

– Det er også ein risiko ved det som har blitt vedtatt i dag. Vi veit ikkje kor mykje pengar som kjem inn gjennom grunnrenteskatten og kva for inntekter fylkeskommunen får, svarer Molvær.

Det vil vere det nye fylkestinget etter valet som får siste ord i saka.

– Det er snart val, så vi får sjå kva som skjer vidare, seier Monica Molvær.