Fleire hundre menneske samla seg for å ta imot verdas eldste

Det var eit yrande liv i hamna i Bud då både barn, ungdom og vaksne hadde samla seg for å ta i mot Anna Rogde.

I ettermiddag kom Anna Ragde til Bud i Fræna. Seglskipet er på tokt i samband med grunnlovsseglasen i regi av mellom andre NRK, og kjem i morgon til Ålesund. Seglturen starta 14. mai i Hammerfest, og inviterer folk ombord for å lære meir om historia.

Skonnerten Anna Rogde på besøk i fiskeværet Bud i Fræna. Foto: Roar Halten.

Grunnlovsseilasen, Anna Ragde til Bud i Fræna

Fleire hundre menneske hadde møtt fram for å helse på verdas eldste seglande skonnert.

Foto: Roar Halten / NRK
Grunnlovsseilasen, Anna Ragde til Bud i Fræna

Grunnlovsseglasen skal bidra til at folk vert meir bevisste på Norgeshistoria, nasjonsbygging og utviklinga av demokratiet.

Foto: Roar Halten / NRK

Fleire hundre menneske ønska skonnerten Anna Rogde velkommen til Bud tysdag. Båten går langs kysten i samanheng med grunnlovsjubileet.

Skipet er på tokt i samband med grunnlovsseglasen i regi av mellom andre NRK. Seglturen starta 14. mai i Hammerfest, og inviterer folk om bord for å lære meir om historia. Anna Rogde er verdas eldste seglande skonnert, som no har lagt ut på ein storslegen kunnskapsreise kysten rundt.

Stor stas

Ordførar i Fræna, Nils Johan Gjendem (Frp), syns at det er stor stas at skonnerten stoppar innom Bud.

– Eg som er gammal fiskar har vore mykje på havet, så det er kjekt å sjå ein så flott båt komme innom her. Og i dag har vêret vore veldig bra, så dei har nok hatt ein flott tur over Hustadvika, sa ordføraren.

Kultursjefen i kommunen, Janny Meese, har pynta seg litt ekstra i dag.

– Dette er kjempeartig og veldig stas. Vi har nydeleg vêr og ei herleg stemning.

Helste med salutt

Programmet starta med at skonnerten helste med salutt, og fekk ein fanfare tilbake. Fram til klokka 15.30 stod talar på programmet frå blant anna Fylkesmann Lodve Solholm og biskop Ingeborg Midttømme.

Klokka 19.30 song Bud mannskor sjantiar på kaia ved båten. Klokka 22.00 Anna Rogde farvel med Bud og reiser vidare til Ålesund.

Ordførar i Fræna, Nils Johan Gjendem (Frp), syns at det er stor stas at skonnerten stoppar innom Bud.

Ordføraren, Nils Johan Gjendem, er svært nøgd med at skonnerten Anna Rogde stoppar innom Bud. Foto: Roar Halten.