Hopp til innhold

Ingen gnist for grunnlovsfeiringa

Den store brannfaren gjer at ei storstilt markering av 1814 blir noko neddempa komande søndag.

Skjærtorsdag med vardebrenning mot vindmøller på Nystøylshornet

Slik skulle det eigentleg sett ut på fjelltoppane i Stordal komande søndag. Men brannfaren set stoppar for vardebrenninga. Bilete er frå Nystøylhornet på Søre Sunnmøre.

Foto: Arne Sivertstøl

Mange kommunar og idrettslag har lagt opp til eit omfattande program med mellom anna bålbrenning, vardetenning og fakkeltog.

Charles Tøsse

Ordførar og leiar for grunnlovskomiteen i Stordal, Charles Tøsse, trur at mange vil delta sjølv om det ikkje blir vardebrenning.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Men den delen blir avlyst på grunn av forbodet mot open eld, og sjølv om det er varsla noko nedbør søndag står den avgjerda fast, seier ordførar i Stordal, Charles Tøsse.

Tøsse, som òg er leiar i komiteen for grunnlovsjubiléet, må fram med plan B.

– Det er heilt utruleg å tenkje på at det vart slik. Spørsmålet var vel heller om det var mogeleg å kome seg opp på ein fjelltopp for å tenne ein varde. Vi tenkte ikkje på at bålbrenninga måtte avlysast, seier Tøsse.

Håper på stor oppslutning

Komiteen hadde eigentleg tenkt å ha eit flott arrangement med fakkeltog frå sentrum i Stordal og opp til Stordalshallen.

– Deretter skulle vi ha vardebrenning på to av dei nærmaste fjelltoppane. Fakkeltoget og vardebrenninga må vi naturleg nok avlyse. Men resten av programmet vårt skal gå som planlagd, seier ordføraren.

Han er sikker på at det vert stort oppmøte sjølv om eld ikkje er ein del av arrangementet. Det er òg spanande planar for resten av kvelden i Stordalshallen.

– Vi skal ha ei lokal markering av grunnlovsjubiléet der engasjerte skuleelevar skal opptre med song og musikk.

Meldt regn søndag

Yr.no melder nedbør over store delar av Møre og Romsdal komande søndag. Men meteorologen i NRK meiner likevel at regnet som kjem då ikkje nødvendigvis tek knekken på brannfaren.

Tøsse trur at det vil vere i grenseland å gjere opp eld utandørs sjølv om det vert våtare i vêret. Han viser til dei store brannane som har herja langs kysten i vinter, og meiner at det er ingen grunn til å ta sjansen i helga.