Hopp til innhold

Grunneigarane tapte millionsøksmål på nytt

Grunneigarar i Eide gav seg ikkje då dei tapte millionsøksmålet mot bedrifta Hustadkalk. No har dei tapt på nytt og må betale 1,5 millionar berre i sakskostander.

Odd Visnes t.v. og Frank Visnes

Odd Visnes t.v. og Frank Visnes i Visnes sameie meiner dei har krav på millionar. I staden er dei no dømde til å betale 1,5 millionar i sakskostandene som Hustadkalk har brukt til to rettsaker. Dei vurderer no å anke til Høgsterett.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Det er over 100 år sidan grunneigarane i Eide selde rettane til kalk- og marmoren i Blåberget i Eide. Dei siste åra har dei sloss om rettane til inntektene frå steinen eklogitt. Det kan kome til å koste dei dyrt.

Frostating lagmannsrett avviser ankesaka, og dermed har dei tapt saka, og er dømde til å betale nesten 1,5 millionar i sakskostander til Hustadkalk.

– For oss vanlege folk virkar det ikkje rett at ein skal kunne selje andre folk sine verdiar for ein kvart milliard utan å betale for det, seier Frank Visnes. Han meiner sjansen er overhengande stor for at det blir ei ankesak.

Men no har altså retten slått fast at det ikkje er grunneigarane, men Hustadkalk som eig også eklogitten.

Nytt krav om gamal stein

Eklogitt

Eklogitt var lenge rekna som eit avfallsprodukt, og retten slår fast at det ikkje er økonomisk lønsamt å drive berre eklogitt. Det er noko av årsaka til at grunneigarane ikkje får del av inntektene.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Eklogitt blei lenge rekna for å vere eit avfallsprodukt, men har dei siste åra blitt lønsamt å selje, fordi det har høg eigenvekt, og mellom anna kan brukast til overdekking av offshoreinstallasjonar. Men først etter nokre år starta striden om inntektene.

Grunneigarane viser til at den gamle avtalen berre omtalar kalk og marmor, og ikkje stoffet eklogitt. Men i dommen kjem det fram at grunneigarane i mange år har visst at Hustadkalk også tok ut eklogitt, men at dei først kravde del av inntektene i 2015.

Advokaten til grunneigarane, Thomas Rindahl Håkonsen, meiner kravet ikkje er forelda.

– Vi er overraska over utfallet, og er i dialog med klienten i forhold til mogleg anke, seier Rindahl Håkonsen. Han ser ikkje bort frå at dei vil anke saka til Høgsterett.

– Vi er ikkje samde i den juridiske vurderinga til lagmannsretten, seier han, og legg til at dei ikkje har studert dommen nok til å grunngje dette vidare.

Store uttak

I dommen kjem det fram at det er henta ut betydelege mengder eklogitt dei siste åra. Berre til Ormen Lange-prosjektet blei det selt omlag 700 000 tonn, og toppen blei nådd i 2006 og 2007. Likevel meiner retten at det først og fremst har vore utgifter knytt til uttaket, og at utvinninga har vore gjort for å nå tak i kalken, som låg under.

Det har ikkje lukkast NRK å få kommentar frå advokaten til Hustadkalk.