Hopp til innhold

Bondevik om Mandela: – Dessverre altfor mange statsleiarar som ikkje har lært av han

Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik her møtt Nelson Mandela ved fleire høve. – Ein merkar når han kjem inn i rommet, seier Bondevik. No gruer han seg til Sør-Afrika etter Mandela.

Bondevik og Mandela

Her er Kjell Magne Bondevik og Nelson Mandela saman i 1999.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

– Eg er svært spent på korleis det går med Sør-Afrika når Mandela døyr. Det er dessverre ein del negative utviklingstrekk i landet dei siste åra, etter at han gjekk av som president.

Det seier Kjell Magne Bondevik, som nettopp har returnert frå Egypt. Nelson Mandela, som ligg for døden , var sjølvsagt eit stort samtaleemne i det nordafrikanske landet.

Den tidlegare norske statsministeren jobbar no med fred og menneskerettar – eit felt der Mandela har gjort meir enn dei fleste.

– Eit uutsletteleg inntrykk

I 1990 var Bondevik utanriksminister. Det var også året han møtte Nelson Mandela for første gong.

Kjell Magne Bondevik

Kjell Magne Bondevik fortel om ein spesiell biltur saman med Nelson Mandela i 1990.

Foto: FEISAL OMAR / Reuters

– Eg hugsar det spesielt godt, då eg som utanriksminister hadde æra av å ta imot han våren 1990 på gamle Fornebu flyplass utanfor Oslo. Han kom til Noreg berre nokre få månader etter at han hadde blitt sleppt fri etter 27 år i fengsel.

Mandela skulle delta på ein konferanse som Utanriksdepartementet var med på å arrangere.

– Då vi sat i bilen på veg inn mot Oslo tenkte eg for meg sjølv at dette måtte vere ein mann full av bitterheit og revansjelyst – noko det var all mogleg grunn til.

– I staden prata han berre om forsoning, tilgiving og om at han ville byggje opp att Sør-Afrika saman med dei kvite, seier Bondevik.

Han meiner dette verkeleg blei vist då Mandela i 1994 blei den første svarte president i Sør-Afrika.

– Han tok inn den siste apartheid-presidenten som éin av sine eigne visepresidentar.

– Dette gjorde eit uutsletteleg inntrykk på meg, og er eit eksempel til etterfølging om korleis vi alle bør opptre.

Saka held fram under bildet.

Bondevik og Mandela

Her er dåverande utanriksminister Bondevik saman med Nelson Mandela i 1990.

Foto: Stenersen, John / NTB scanpix

Handhelste på alle tilsette

Bondevik omtalar Mandela som ein heilt spesiell mann, med ei utstråling ein klar bodskap.

– Når han kjem inn i eit rom så merkar ein det med éin gong. Ein merkar at det kjem ein personlegdom, men han er nær og varm.

Nelson Mandela trekker seg fra offentligheten

Nelson Mandela trekte seg tilbake frå offentlegheita i 2004.

Foto: MIKE HUTCHINGS / Reuters

Som statsminister i 1999, i den første Bondevik-regjeringa, var Mandela på ny visitt i Noreg. Då var Mandela på si siste utanlandsreise, som mellom anna gjekk til Noreg.

– Eg hugsar då han kom opp til der statsministeren sitt kontor er. Han kom opp med heisen, og skulle bort eit møterom, fortel Bondevik.

– På veg frå heisen, og bort til møterommet, hadde dei fleste tilsette stilt seg opp på begge sider av gangen for å få eit glimt av denne historiske personen. Han stoppa og handhelste på absolutt alle. Det tok litt tid, og møtet blei forseinka, men det var heilt greitt. Det var ei fantastisk oppleving.

– Trur ikkje Sør-Afrika hadde vore eit demokrati

I 27 år sat Mandela fengsla på Robben Island før han blei sleppt fri i 1990. I 1993 fekk han Nobels fredspris. I 1994 blei han altså president.

– Kjell Magne Bondevik, kva hadde Sør-Afrika vore utan Nelson Mandela?

– Eg trur ikkje Sør-Afrika hadde vore eit demokrati i dag utan Nelson Mandela. Han kjempa ein lang kamp saman med mange andre, både fengsla, folk i eksil og fagrørsla, mellom anna. Men Mandela var leiarskikkelsen både før og etter han kom i fengsel.

Mandela og Bondevik

Her, i 1999, blir ein samarbeidsavtale mellom Noreg og Sør-Afrika underteikna.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Bondevik meiner den forsonande linja Mandela la opp til var nøkkelen til suksess, og dermed sikra ein fredeleg overgang til demokrati og fleirtalsstyre i Sør-Afrika.

– Eg trur òg at han sikra at det ikkje blei eit slags nytt apartheid, der det svarte fleirtalet knebla og heldt dei kvite utanfor.

Meiner mange statsleiarar har svikta

Bondevik meiner svært mange burde følgt eksempelet til den sørafrikanske legenda.

– Dessverre er det altfor mange statsleiarar som ikkje har lært, for vi ser at fleire afrikansk har denne «the winner takes it all»-kulturen. Altså der vinnaren av eit val tek alle posisjonar og skyv mindretalet ut.

Dette er ikkje klokt, for eit demokrati er ikkje berre kjenneteikna med at fleirtalet styrer, men også på korleis fleirtalet behandlar mindretalet, seier Bondevik.

– Eit inkluderande samfunn. Nokre har følgt i fotspora til Mandela, men dessverre for få, meiner Bondevik.

Saka held fram under bildet.

Mandela, Bondevik, dronninga og kongen

Her er Nelson Mandela, som president i 1999, på statsbesøk i Noreg. Mandela skriv i gjesteboka på Akershus slott. I bakgrunnen ser vi kong Harald, dronning Sonja, dåverande statsminister Kjell Magne Bondevik og kona Bjørg, Mandela si kone Graca Machel, prinsesse Astrid fru Ferner og Johan Martin Ferner.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

– Trur mange heldt seg i sjakk

Dei siste vekene har tilstanden til Nelson Mandela blitt mykje verre. Bondevik er svært spent på korleis Sør-Afrika blir etter Mandela.

– Dei siste åra har det blitt store økonomiske og sosiale skiljer, tillegg til mellom anna korrupsjon. Sjølv om han ikkje var president i seinare år, så var han der som «landsfaderen».

– Eg trur mange heldt seg i sjakk på grunn av det, i respekt for det Mandela stod for, trur Bondevik.

No håper han det ikkje blir stor splitting og konflikt i landet etter verdsborgaren sin død.

– Eg håper Sør-Afrika lev vidare i Mandela si and.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL