NRK Meny
Normal

Grovt tjuveri i Ulsteinvik

Store verdiar er borte etter eit innbrot på Lefdal i Ulsteinvik, natt til måndag.

Innbrud Lefdal Ulsteinvik

Tjuvar har fått med seg fleire titals Ipadar og mobilar frå Lefdal i Ulsteinvik.

Foto: Andreas Steinnes Bjerknes / Vikebladet Vestposten

Sunnmøre politidistrikt melder måndag at Lefdal i Ulsteinvik har vore utsett for eit grovt tjuveri i dei seine nattetimane.

– Store mengder mobilar og datautstyr er stolne, seier Arild Reite ved operasjonssentralen.

Det er usikkert når tjuvane tok seg inn i bygget, men innbrotet skal ha skjedd i løpet av natta. Det var tilsette ved Lefdal som oppdaga tjuveriet når dei kom dei kom på jobb i dag tidleg.

No ønskjer politiet hjelp frå publikum og tips om trafikk og andre observasjonar i området natt til måndag.

– Vi oppmodar alle som trur dei har sett noko mistenkeleg om å ta kontakt, seier Reite.

Undersøkingar på åstaden

Politiet er i gang med undersøkingar på åstaden, og prøvar no å få oversikt over kor mykje som har blitt stole.

– Tjuvane har tatt fleire titals Ipadar og mobilar. Vi veit ikkje det eksakte talet enno, men det er snakk om store verdiar, seier Reite.

Så langt veit dei enno ikkje korleis tjuvane kom seg inn i lokalet.

– Vi håpar undersøkingane kan fortelje oss korleis dei tok seg inn. Butikken har overvakingsutstyr så etterforskarane skal gå gjennom materialet no og forhåpentlegvis finn vi noko der, seier operasjonsleiaren.

Har du tips så kan du melde desse til politiet på 02800.