NRK Meny

Grove narkotikalovbrot

Ein 28 år gamal latvisk mann er varetektsfengsla i fire veker, mistenkt for grove narkotikalovbrot. Politiet pågreip mannen i Ålesund onsdag, etter å ha spana på han. I samband med pågripinga blei det funne GHB både på eit loft han eig og i bilen hans, i tillegg til 70 000 kroner. Politiet er redd for at mannen stikk av, og har fått medhald i retten for å fengsle han i fire veker.

Siste video/lyd

Mange geitebønder i landet vil ha den elektriske geiteklaven til Gjemnesbedrifta Nofence. Produksjonen pågår for fullt, men geiteklaven er enno ikkje godkjend. Gründerbedrifta treng beitesesongen 2017 for å gi Mattilsynet dokumentasjonen dei krev.
Dei fleste har meir enn nok med å SJÅ utfor kanten på den hundre meter høge Zakariasdammen i Tafjorden på Sunnmøre.
Men det finst folk som vil betale for å få seg ein luftig tur. Og frå neste veke av kan dei gjere akkurat dét...
Fiskesperra som skal redde den nasjonale lakseelva Driva, blir slakta av ekspertar på behandling av gyrosmitte. Miljødirektoratet er ansvarleg for prosjektet til seksti millionar kroner. Dei meiner det trengst berre små justeringar.