Hopp til innhold

Utviste etter grov vald på kyrkjegard

Fem tenåringsgutar er utviste frå Sula ungdomsskule i tre dagar etter at dei banka opp ein 14 år gammal gut på i Langevåg torsdag.

Langevåg kyrkje

Den 14 år gamle guten blei banka opp av fem gutar her på kyrkjegarden i Langevågen torsdag ettermiddag.

Foto: IDA LOUISE MÅSEIDVÅG REITE

Dei fem gutane filma den grove valden. Politiet opplyser til Sunnmørsposten at filmen mellom anna viser at gutegjengen hoppar på offeret. Guten vart sendt til legevakta for sjekk.

Svært grov vald

Politiet stadfestar at innhaldet i videoen viser grov vald mot den unge guten.

– Slik politiet ser på videoen, er dette grov vald. Dei har mellom anna sparka han. Det er grovt det som kjem fram i videoen, seier lensmann i Sula, Frode Haugen til NRK.

Politiet har tatt beslag i filmen, som var på telefonen til ein av gutane. Lensmannen fortel at dei involverte ungdommane er mellom 14 og 16 år.

– Dei fem gutane vart arresterte i går kveld. Avhøyra starta då, og går føre seg utover dagen i dag, opplyser han.

Artikkelen held fram etter bildet.

Langevåg kyrkje

Den 14 år gamle guten blei banka opp av fem gutar her på kyrkjegarden i Langevågen torsdag ettermiddag.

Foto: IDA LOUISE MÅSEIDVÅG REITE

– Svært alvorleg

Politiet opplyser at den 14-år gamle guten kjenner gutane som banka han opp. Han skal ikkje ha blitt utsett for liknande tidlegare.

– Det er svært alvorleg at folk blir banka opp på denne måten her.

Det er uvisst om saka no går vidare til forliksrådet, eller om det blir ei sak for barnevernet.

– Vi har fått fatt i folka og avhøyrt dei, så no blir resten opp til juristane, seier lensmann Frode Haugen.

Elevane er utviste

Rektor Hildegunn Pedersen ved Sula ungdomsskule

Rektor Hildegunn Pedersen ved Sula ungdomsskule seier det er ei frykteleg stygg sak.

Foto: Privat

Rektor Hildegunn Pedersen på Sula ungdomsskule er orientert om det som har skjedd og har snakka med alle involverte.

– Dette er ei frykteleg stygg sak, seier ho om hendinga som skjedde på skulevegen.

– Dei involverte er no utviste frå skulen i tre dagar, legg ho til og peikar til paragraf 9A i opplæringslova, som seier at alle har rett til eit trygt skulemiljø.

Rektoren vil vente til politiet er ferdig med etterforskinga før skulen går i gang med konkrete, førebyggande tiltak.

– Vi er nøydde til å jobbe inn mot desse elevane. No vil vi først vente på kva politiet finn ut i si etterforsking, så set vi i gang tiltak etter dette.