NRK Meny

Grov økonomisk utruskap

Ein mann frå Sunnmøre er dømt til seks månaders fengsel for grov økonomisk utruskap etter å ha overført nærare 500 000 kroner frå eit aksjeselskap han var dagleg leiar i til sitt eige enkeltføretak. Mannen i 50-åra er også dømt for å ikkje sende inn pliktig omsetningsoppgåve trass i at han fakturerte utgåande meirverdiavgift på over 300.000 kr.