NRK Meny

Grønt lys for Sævik

Konkurransetilsynet har gitt grønt lys for handelen der Per Sæviks selskap Havilafjord AS kjøper Sogn og Fjordane fylkeskommune sine aksjar i Fjord1, skriv Firda (krev innlogging). I godkjenninga viser Konkurransetilsynet til meldinga om føretakssamanslutninga, der Havilafjord AS får einekontroll over Fjord1. Konkurransetilsynet stadfestar at saka er avslutta frå deira side.