Grønt ljos for giftbehandling av elvevassdrag

Klarsignalet er gjeve og førebuingane er godt i gang til giftbehandlinga av elva Rauma og sju andre vassdrag i indre Romsdal om to veker.

Rotenon-behandling av Vefsna

Slik ser det ut når ein sprøytar rotenon-gift i elvevassdraga for å drepe lakseparasitt. Her frå ei tidlegare giftbehandling av Vefsna-vassdraget i Nordland.

Foto: Lars-Petter Kalkenberg / NRK

7.000 liter av gifta rotenon skal sleppast ut gjennom ein ti dagar lang aksjon for å knekke lakseparasitten som tek livet av laksen.

Det stadfestar prosjektleiar Trond Haukebø hos Fylkesmannen.

60 personar blir med på aksjonen i regi av Fylkesmannen, Veterinærinstituttet, Mattilsynet og Miljødirektoratet – pluss elveeigarlaga som stiller med folk til å plukke daud fisk.

– Vi har kartlagt hele indre romsdalsfjord fleire gonger, så vi vet kvar vi finn lakseungane og parasitten, seier Haukebø.

Parasitt

Trond Haukebø

Prosjektleiar Trond Haukebø hos Fylkesmannen seier det no er gjeve grønt ljos for rotenonbehandling i elvevassdraga.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Ambisjonen er å ta knekken på parasitten Gyrodactylus salaris som tek livet av laksen i vassdraga.

Men dette kan vere lettare sagt enn gjort. For 20 år sidan prøvde ein også å ta knekken på parasitten med gift, men den gang var utysket tilbake for fullt etter berre nokre få år.

– Sist gang vi giftbehandla brukte vi 7.000 liter rotenon i heile komplekset. Eg trur vi kjem til å dosere litt kraftigare no, og vi kjem til å halde på minst like lenge som sist, seier prosjektleiaren.

Omstridt

Giftbruken er omstridt og motstandarane meiner ein drep mykje meir enn berre den smitta laksen.

Haukebø meiner dette ikkje er så dramatisk som det høyrest ut.

– Vi tek livet av all fisk i elva, pluss ein del botndyr. Likevel – dei aller fleste overlever. Vår erfaring er at mangfaldet i elva er på plass att etter eit par månader, sett vekk ifrå fisken, seier Haukebø.

Siste video/lyd

Dei tre siste åra har meir enn 450 alvorleg psykisk sjuke kome seg inn i arbeidslivet.
Dette skjer etter eit aktivt samarbeid mellom NAV og helsevesenet.
Ein ny forskingsrapport viser at pasientane blir friskare av å jobbe.
Ein rakett er kanskje det som skal til for å gjere skuleelevar interesserte i naturfag. 
Elevar på Gjermundnes i Vestnes har utvikla ein rakett som skal få barn og unge til å bli i fyr og flamme.
Nokre som er glade i å boltre seg på kjøkenet er elevane ved Borgund vidaregåande i Ålesund. Dei elskar å bake - og å smake.