Luene førte til ekteskap og barn

Å sjekke damer på byen låg aldri for John Tore Haugen. Løysinga vart å bruke ei lue som signaliserte at han var singel. Samlivsekspert meiner grøne luer gir gode odds for å finne den rette.

John-Tore og Kristin Haugen

Kristin og John-Tore traff kvarandre på grunn av grøne luer som signaliserte at dei var singel. No har dei blitt foreldre og skifta luefarge.

Foto: Remi Sagen / NRK

Ei lita jente med lilla smukk og kjole er midtpunktet i huset til John Tore og Kristin Haugen. Det var friluftsgleda og to grønne luer som førte foreldra til Hedda saman.

– No er vi opptekne av at Hedda skal bli med på tur og like det. Dei høge fjelltoppane får vente, seier John Tore Haugen. Han har fått det akkurat slik han drøymde om, men gløymer ikkje korleis det var å vere ungkar på damejakt.

John-Tore Haugen på fjelltur

John Tore kjøpte seg grøn lue for å finne ein partner med same interesse for friluftsliv som han sjølv.

Foto: privat

Bysjekking funka ikkje

I 2014 har John Tore Haugen frå Sykkylven akkurat fylt 29 år og kjenner at han vil vidare i livet. Draumen er å stifte familie, men det er vanskeleg å finne den rette. På byen fell det ikkje naturleg å drive med sjekking og gjennom Tinder treff han heller ingen. For andre år på rad drar han til Fjellfilmfestivalen på Gjendesheim. Der får han eit innfall. Han kjøper ei grøn lue i kiosken. Berre få månader tidlegare har Den Norske Turistforening lansert luemerking i fjellet. Å gå med grønn lue betyr at ein er singel, raud er oppteken.

– At det skulle gå på første forsøk hadde eg aldri trudd, ler Haugen.

Full klaff

På festivalen er det diskotek og John Tore med grøn lue leitar etter andre med hovudplagg i same farge. Han får auge på Kristin Dvergsdal Haugen (37) og det blir full match. Kristin har flytta frå New York til Oslo og har eit håp om å finne ein turglad partnar. Den grøne lua hennar har ikkje verka hittil, men denne septemberkvelden finn dei to sunnmøringane kvarandre. Utover hausten møtast dei med jamne mellomrom og går i fjellet og pratar.

– Å gå i naturen gjer stemninga meir avslappande enn å møtast på kafe. Praten går meir naturleg, seier Haugen.

Frøydis Lilledalen

Psykolog Frøydis Lilledalen seier at mange har flaks og treff partneren sin på byen, men det er ofte vanskeleg.

Foto: Ole Kaland / NRK

Vanskeleg på byen

Psykolog Frøydis Lilledalen meiner det er mykje som skal klaffe for å treffe ein partner på byen. Det er ikkje alltid lett å kome i kontakt med nye menneske på ein utestad, og ein må klare å sjå kven som verkar tilgjengeleg.

Lilledalen meiner turistforeininga sin ide med grøne luer er super.

– Det er ein måte å signalisere både at ein er singel og at ein er lidenskapeleg oppteken av naturopplevingar, seier psykologen. Ho vil gi to med grøne luer som finn kvarandre gode odds.

John-Tore hadde allereie kjøpt seg hus då han traff Kristin. Då dei vart eit par flytta ho til Sunnmøre, der fjell og fjøre er rett utanfor stovedøra. Bryllaupet føregjekk såklart til fjells og brudommen brukte den grøne lue som tørkle i dressjakka.

– Vi satsar på at Hedda får seg ein bror eller ei søster med tida, seier Haugen.

John-Tore og Kristin Haugen gifta seg på fjellet

Bryllaupet skjedde sjølvsagt på fjellet. Den grøne lua til John Tore var på plass i dressjakka.