Hageprogrammet er slutt for i år
No står sommarferien for døra, og deretter kjem valprogramma til å bruke mykje av sendetida i NRK Møre og Romsdal fram til stortingsvalet 12. september. Derfor var "Grøn ettermiddag 16/6 det siste hageprogrammet i år, men vi har planar om ein ny serie neste år.
Hageentusiast: Anne Britt Myrseth frå Glomset i Skodje svarar på spørsmål frå lyttarane. Ho har økologisk hage og er mykje brukt som foredragshaldar rundt om i hagelaga.
Økologiske plantevernmiddel
Anne Britt Myrseth er generelt skeptisk til sprøyting med giftstoff. Men det finst middel som er ufarlege og som ein kan lage sjølv, og i programmet "Grøn ettermiddag" og her på nettsida skal vi gje nokre oppskrifter på slike.
Mot makk/biller/insekt på stikkelsbær/jordbær:
300-500 g frisk reinfann (eller 30 g tørr)
Kok opp og la det putre i ein halv time. Sil avkoket og sprøyt på blomsten før han har opna seg.
Du kan gjerne også sprøyte avkok på jorda i kviletida om hausten, men då sper du avkoket med vatn halvt om halvt.
Bland 5 dl vatn, 5 dl mjølk, 1-2 ss oppvaskmiddel og 1 ts bakepulver og sprøyt planten. Dersom det er inne i eit drivhus, kan du spe denne blandinga med vatn i forholdet 1:10.
Anne Britt Myrseth. Foto: Odd Sørås, NRK
Grøn ettermiddag 16/6:
Tema denne gongen var blant anna utøy på jordbærrøtene, maur på peonknuppar, kristtorn som misser bæra, og rotlausveka - ein gammal tradisjon som kan ha vitskapleg grunnlag. Høyr programmet her:
Grøn ettermiddag 9/6:
I dag var vi innom tema som: misfarga barlindhekk, insekt på rips og stikkelsbær, korleis bli kvitt skvalderkål. Oppskrift på to økologiske plantevernmiddel.
Grøn ettermiddag 2/6:
Sniglar er eit viktig tema denne gongen også: Anne Britt Myrseth har ei rekkje gode råd mot sniglar. Dessutan: problem med ferskentre, gallmidd på solbærtrea og bambus som breier seg som ugras på plenen.
Grøn ettermiddag 19/5:
Sniglar i hagen var det første temaet - Astrid Simonnes i Ålesund hadde med stort hell brukt oske som motmiddel! Elles handla dette telefonprogrammet om finnskjegg i plenen, sprukken bork på ask og plen som er dekt av veronika - ein vakker blomster, men det kan bli i meste laget!
Grøn ettermiddag 12/5:
Den første innringjaren, Odd Nordstrand, slo an tonen med eit spørsmål om kva ein skal gjere når det veks mykje lav på frukttrea. Vi fekk fleire tips om dette frå andre lyttarar, men snakka også om biller på liljer og om kvann som ikkje vil spire.
Kontakt oss!
Men først og fremst er det lyttarane våre som bestemmer innhaldet i programmet. Det er mange måtar å stille oss spørsmål på:
Ring oss under programmet! Normalt tek vi imot oppringing på telefonnummer 70 11 52 66.
Vil du "melde deg på" før programmet, kan du:
Ringje svartelefon 811 50 520 Den er alltid open.
Sende spørsmålet med e-post: Skriv til "Grøn ettermiddag" Skriv Grøn ettermiddag i emnefeltet!
Sende spørsmålet i posten: "Grøn ettermiddag", NRK, 6025 ÅLESUND .