NRK Meny
Normal

Griseriet skal vekk!

Det er fullt av søppel i fjøresteinane. Laurdag skal det vekk.

Strandryddedagen

Ved Gjøsundneset Miljøstasjon i Giske ventar dei stor pågang laurdag, på den store Strandryddedagen. Geir Magne Fylkesnes (t.v.) og Torgrim Flem håper folk stiller opp og gjer ein innsats.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Dugnadslysta blir verkeleg utfordra på den store Strandryddedagen. På laurdag skal det ryddast vekk plast og søppel på strender over heile landet.

Overalt er det søppel og skrot. Mykje rart har drive inn i løpet av vinteren.

Ventar storinnrykk

Ved Gjøsundneset miljøstasjon i Giske ventar dei storinnrykk laurdag. Driftsleiar Torgrim Flem håper folk går mann av huse, og tar i eit tak:

– Det er ikkje noko kjekt med forsøpla strender. Det er fint om ein slik aksjon kan inspirere folk til å gjere ein innsats.

Strandryddedagen

Driftsleiar Torgrim Flem ved Gjøsundneset Miljøstasjon i Giske håper folk blir inspirerte til å rydde.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Det er ein flott maidag på Sunnmøre, og utover ettermiddagen vil nok mange gå tur i området rundt Synnesvågen. Men det flyt av søppel.

Tar offentlig søppel i private hender

Kulturkonsulent Geir Leslie Bjørkelund i Giske kommune har tjuvstarta, og samlar søppel dagen før dagen:

– Det verste er all plasten. Det er små bitar som fuglar og dyr kan døy av.

Strandryddedagen

Geir Leslie Bjørkelund (t.v.) og Roger Ulstein uroar seg for dyra i verneområdet, med så mykje søppel slengande overalt.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Bensindunkar og glasflasker

Roger Ulstein er ute og går tur. Han likar dårleg at det flyt av plast i det som skal vere flott og urørt natur.

– Søppelet kjem nok både frå naust og frå båtar. Det er trist at folk ikkje tar med seg rotet sitt heim, seier han. Sjølv brukar han å ta med seg ein sekk og samle søppel når han går tur.

– I går fann eg ein stor tom bensindunk. Det er kasser og glasflasker, midt i området der mange dyr ferdast.

Strandryddedagen

– Det er trist at folk ikkje tar med seg rotet sitt heim, seier turgåar Roger Ulstein(t.v.). Han og Geir Leslie Bjørkelund har tjuvstarta, og samlar søppel dagen før dagen.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Kulturkonsulent Geir Leslie Bjørkelund håper folk stiller opp på stordugnaden laurdag.

Strandryddedagen

Synnesvågen i Giske er eit verneområde. Fuglar hekkar her, og det er mykje hjort og rådyr.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Det tar ikkje lang tid å fylle opp ein sekk. Om du møter opp her, gjer du ein innsats både for miljøet, for medmenneska dine og ikkje minst dyra, seier han.

Les meir om Strandryddedagen 2016.