Hopp til innhold

Grisebønder fryktar svineinfluensaen

Grisebøndene gjer alt dei kan for å halde svineinfluensa-smitten unna. Alle er samde om at eit utbrot vil vere ein katastrofe.

Rypdal purkering
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Rypdal purkering. Sjå video over.

No er det innført strenge reglar om kven som får lov til å gå inn i grisefjøsa. Utbrotet av svineinfluensa i Levanger har sett ein alvorleg støkk i grisebøndene.

Dramatisk

Edvin Linseth

Edvin Lindseth, Rypdal Purkering.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

- På oss verkar dette svært dramatisk. Eg trudde ikkje vi skulle oppleve at vi skulle få svineinfluensa på gris i Noreg, seier dagleg leiar i Rypdal pukering, Edvin Lindset.

Magne Mo i Mattilsynet i Romsdal stadfestar at situasjonen er dramatisk. Dramatikken ligg i at Noreg til no har hatt ei frisk svinestamme.

- Dette er ganske dramatisk i og med at det er første gangen vi har påvist svineinfluensa på gris i Noreg. Vi har hatt ei svinenæring som er blant dei få i verda som er fri for influensavirus, seier Magne Mo. Dette har vi testa i ei årrekke. Det vi også skal vere klar over, er at norske svin dermed heller ikkje har nokon naturleg immunitet mot influensaen, seier han.

Fryktar spreiing

Lars Erik Hubred

Lars Erik Hubred, Norsvin Møre og Romsdal.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

No fryktar bøndene ata svindeinfluensaen skal spreie seg ut over landet. Det er ikkje avgjord kva som skal skje, om det blir medisinering eller nedslakting.

- Blir det på mange gardar trur eg ikkje det blir nedslakting. Då blir det medisinering. Men då blir vi nok aldri kvitt svineinfluensaen i grisebesetningane. Då blir det ein permanent sjukdom, seier Lars Erik Hubred i Norsvin Møre og Romsdal.

Var ikke svineinfluensa

– Ser alvorlig på svineinfluensa

Ber grisebøndene skjerpe rutinene

Må vente på prøvene

Til for å handle

Magne Moe i Mattilsynet meiner det er grunn til å vere uroleg for helsetistanden i norske grisefjøs.

- Tida er no inne for å gjere tiltak for å hindre smitte i eiga grisebesetning.Det må kome så lite framandfolk som mogleg inn i grisefjøsa. Ingen som har hatt influensasymptom den siste veka må kome inn i fjøsa, og alle indikasjonar ¨på at gris kan vere sjuk må varslast, seier Moe. Ingen som har influensa skal inn i grisefjøsa, men dersom det er uråd å få tak i avløysar og ein sjølv er litt dårleg, er det viktig å bruke munnbind når ein går inn i fjøset, seier Moe.