- Ufatteleg tragedie
- Det er ein ufatteleg tragedie og ei tung sorg som har ramma bygda vår, sa kapellan Jens Kristian Noe.
- Vi har ikkje ord. Vi veit ikkje kva vi skal seie. Vi må no stå saman og støtte kvarandre, sa Noe.
På vegner av innbyggjarane i Rauma gav ordførar Torbjørn Rødstøl si djupe medkjensle til dei pårørande.
Fullsett kyrkje
I benkeradene, langs veggene og på galleriet sat sørgjande ungdom og trøsta kvarandre.
Framme ved alteret i den vakre trekyrkja frå 1896 var små levande lys forma som eit kors. Der blei det òg tent fire lys, eitt for kvar av dei fire som omkom.
Namna til dei fire, Anja Marlen Hartviksen(17), Gunnar Sæbø(18), Yvonne Vold Moen(17) og Marius Vold Moen(16) blei lesne opp. Frå galleriet sang Miriam Venås "Eg ser" av Bjørn Eidsvåg.
Lys i snøen
I om lag ein time varte sørgjegudstenesta i Voll kyrkje. Utanfor kyrkja tende dei sørgjande over eitt hundre stearinlys til minne om dei fire ungdommane frå bygda.