NRK Meny
Normal

Grindkval eller knølkval?

Kva slags kval var på besøk i Ulstein ?

Kval i Ulstein

Denne kvalen sirkla rundt Botnavika mellom Kvalneset og Dimnøya i Ulstein kommune.

Foto: Bjarte Bergseth

Bjarte Bergseth fekk tatt bilde av kvalen som sirkla rundt Botnavika mellom Kvalneset og Dimnøya i Ulstein kommune onsdag.

Bergseth skriv at han på det næraste var bare ca. fem meter frå kvalen. Da såg han den svømme ca. to meter under havflata, før den kom opp og pusta.

NRK har meldt at dette er ein grindkval, men Bergseth mener det er ein knølkval.

Les: Fleire observasjonar av grindkval

- Den er mykje større enn ein grindkval blir, og har mykje flatare hovud, men eg overlet til ekspertar på fagfeltet å seie eksakt kva det er. Dessutan har den nokre klumpar på hovudet som eg ikkje tror at grindkvalen har. Vil tru at kvalen er ca. ti meter lang, skriv Bergseth i ein epost til NRK.

Bergset har budd på staden i over 20 år, men har aldri sett så store dyr frå huset før.

- Den eldre garde sier at her har vore kval tidligare i same område. På 70-talet var det ein som gjekk seg på land, skriv Bergset.

Kva trur du? Er dette ein grindkval eller knølkval?