Hopp til innhold

Får endeleg selt skip: – Det er julekvelden for Kleven i dag, litt tidleg

ULSTEIN (NRK): Kleven Verft gjekk konkurs i juli og mange mista jobben. No kan bygginga av eit nytt miljøvennleg skip skape nær 100 arbeidsplassar.

Green Yard Kleven. Bollestad, Ordfører og Hans Jørgen

SKAL BYGGE DENNE: Dette er skipet som skal byggast på. (T.v.) Administrerande direktør i Kleven, Kjetil Bollestad, ordførar Knut Erik Engh (Frp) og administrerande direktør Hans Jørgen Fedog (t.h.) i Green Yard Group.

Foto: Idun Aalbu Rasmussen / NRK

– Det er julekvelden for Kleven i dag, litt tidleg, sa administrerande direktør i Green Yard Kleven, Kjetil Bollestad under pressetreffet onsdag ettermiddag.

Onsdag kom det fram at selskapet Green Yard, som har base i Kvinesdal i Agder fylke, endeleg har fått selt skipet som følgde med på lasset etter konkursen i Kleven Verft i sommar.

Bollestad reknar med at oppdraget vil føre til at verftet kan ha arbeid til mellom 90 og 120 arbeidarar i løpet av nokre månader. I tillegg blir det arbeid til ei rekkje underleverandørar i regionen.

Verftet har no kring 50 tilsette.

– Det vil gi oppdrag og jobb for mange det neste året. I tillegg til å gi gode ringverknader i ei krevjande tid, er det eit spennande oppdrag, seier han.

Green Yard Kleven - båt

SKAL BYGGJE CSV: Skipet skal altså leverast som CSV (Construction Service Vessel) og er skreddarsydd for å jobbe på offshore vindinstallasjonar. Slik skal han sjå ut.

Foto: Green Yard Kleven

Har prøvd å selje skroget sidan juli

Heilt sidan Green Yard Group tok over Kleven Verft i sommar har dei prøvd å få selt skroget til ein ny aktør. Og det har vore vanskeleg.

Skipet skulle eigentleg ha vore ferdigstilt i haust, men det kanadiske selskapet som skulle kjøpe skipet kansellerte kontrakten etter at Kleven gjekk konkurs. Konkursen førte også til at verftet mista avtalar om skipsbygging.

Men no er det altså klart at reiarlaget Rem Offshore frå Herøy ønskjer å bruke skipet i vindmarknaden på havet.

Då Green Yard Group kjøpte Kleven i juli, var det uvisst kor mange fekk behalde jobbane sine.

– Det betyr så mykje for dei fantastiske folka som jobbar her. De fortener verkeleg ei framtid og det synest eg er veldig bra at vi får til, seier Bollestad.

Green Yard Kleven

GREEN YARD KLEVEN: I sommar gjekk Kleven Verft konkurs. Nye eigarar tok over, og no har dei endeleg fått selt skipet.

Foto: Idun Aalbu Rasmussen / NRK

Skal bli et miljøvennleg skip

Det er allereie gjort eit godt stykke arbeid med planlegging og teikning av det nye skipet, og arbeidet kan starte opp umiddelbart, skriv verftet i pressemeldinga.

Skipet skal leverast i siste kvartal i 2021, og blir skreddarsydd til å jobbe ved havvind-parkar.

– I tillegg blir fartøyet førebudd for å møte kravet i framtida om nullutslepp, både i form av moglegheiter for utviding av dagens batteripakke og framtidig installasjon av brenselceller, siger Lars Conradi Andersen, salsdirektør i Havyard Design.

Dagleg leiar i Rem Offshore, Fredrik Remø, seier dette er den første nybyggingskontrakten innan havvind for dei som reiarlag.

– Det er gledeleg for Rem Offshore å kunne returnere til Kleven med ein nybyggingsordre, særleg i ei tid som har vore prega av uvisse for heile lokalmiljøet. Denne kontrakten viser kor omstillingsdyktig den maritime klyngja på Sunnmøre er, siger Remø.

Green Yard Kleven fornøyde

FORNØGDE: Administrerande direktør i Kleven, Kjetil Bollestad, ordførar Knut Erik Engh (Frp) og administrerande direktør Fredrik Remøy (t.h.) i Rem Offshore er fornøgde med avtalen.

Foto: Idun Aalbu Rasmussen / NRK