Hopp til innhold

Dramatisk redningsaksjon for gravemaskinførar

Ein mann blei redda frå taket på ein gravemaskin som stod ute i ei elv på Nordmøre. – Situasjonen var svært dramatisk, seier politiet.

Mann berga opp av elv i Surnadal.

Ulykka skjedde i elva Søya på Kvanne i Surnadal.

Foto: Geir Forbregd / Driva

Det var litt etter klokka 14 at politiet fekk meldinga om gravemaskinen som hadde hamna i elva Søya ved Kvanne i Surnadal.

Ifølgje Leif Arne Mork ved operasjonssentralen i Møre og Romsdal politidistrikt hadde gravemaskina gått gjennom isen på elva. Føraren greidde etter kvart å ta seg ut av førarhuset og opp på taket av gravemaskinen.

Ein dramatisk time

– Hadde føraren hamna i elva hadde han mest truleg hamna under isen i elva, seier Mork.

I om lag ein time stod mannen på taket av førarhuset på gravemaskinen før redninga kom.

Leif Arne Mork i politiet

Leif Arne Mork.

Foto: Politiet

– Vi fekk organisert redningsaksjonen ved hjelp av ein lastebil og mannskap frå luftambulansen, seier Mork.

Lastebilen som kom til staden hadde ei lang kran som blei lagt ut til gravemaskinen. Ved hjelp av ein redningsmann frå helikopteret greidde dei til slutt å få føraren til land.

– Eg vil seie at det heile var dramatisk, seier Mork.

Føraren blei tatt hand om av helsepersonell og send til legevakta. Han skal ikkje har fått skadar i hendinga.