NRK Meny
Normal

Gratisparkering fjerna etter misbruk

For å spare pengar skal dei tilsette ved nabobedrifter ha bytta på å springe ut og be om gratisparkering ved eitt av parkeringshusa i sentrum. No seier eigarane stopp.

Ein plakat viser at det ikkje lenger er gratis å parkere

Ein plakat viser at det ikkje lenger er gratis å parkere inne i Ålesund Storsenter. Frå 1. mai blir det innført eit nytt system.

Foto: Synnøve Hole

Det var meldingar frå vektarane ved Ålesund Storsenter som gjorde at eigarane oppdaga at det langt frå var berre kundar som parkerte i parkeringshuset til kjøpesenteret. Både tilsette på storsenteret og ved nabobedrifter skal ha lagt beslag på mange av parkeringsplassane i parkeringshuset til kjøpesenteret.

Gunnar Haagensen

Gunnar Haagensen i Brødrene Jangaard seier han skjønar at folk blir frista.

Foto: Aina Rødal / NRK

– Vi skjønar at folk blir frista. Vi veit kven dei er, men gidd ikkje å gjere noko med det. Det er ikkje noko poeng å krangle om parkering, det er nok negativitet om parkering i byen, seier Gunnar Haagensen i Brødrene Jangaard, som eig senteret.

Skal ha stått gratis i timevis

Parkeringsplassane er meint for kundane, og den første timen er det gratis å parkere. For å sleppe å betale i det heile tatt, skal tilsette i namngjeve firma like ved senteret bytta på å springe ut og trykke ut gratisbillettar, for deretter å plassere dei i frontrutene på bilane til dei tilsette.

– Systemet blei misbrukt. Det har utarta, og vi merka at inntektene frå parkeringsautomatane etterkvart blei veldig små, seier Gunnar Haagensen i Brødrene Jangaard, som eig senteret.

Innfører nytt system

Inngangen til eitt av parkeringshusa ved Ålesund Storsenter

Inngangen til eitt av parkeringshusa ved Ålesund Storsenter.

Foto: Synnøve Hole

Han seier dei ikkje har vore i kontakt direkte med dei som skal ha lurt seg til gratisparkering, men at dei no innfører eit nytt parkeringssystem som gjer det uråd å svindle systemet. Eit kamera registrerer bilane som køyrer inn og ut, og først to timar etter å ha køyrt derifrå, kan ein køyre inn igjen. Framleis skal den første timen vere gratis.

Vi ønskjer ikkje å flå folk, men når det ikkje er parkeringsplassar igjen til kundane må vi gjere noko. Dette måtte vi berre få slutt på, seier Haagensen.

Det nye systemet skal vere på plass frå 1. mai.