Hopp til innhold

Gratis appar kan vere svindyre

Får barna dine laste ned gratis apps på iPhonen eller iPaden din? Om appen er gratis å laste ned, kan han vere svindyr i bruk.

Video Gratis apps kan være dyre i bruk

Dei grais appane er populære. Men fleire av dei kan vere dyre å bruke.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

På iPad og iPhone er det mange kule og gratis spel. No åtvarar Forbrukerombodet om at det ikkje er så sikkert at dei faktisk er gratis.

Susanne Pilskog Brennholm

Susanne Pilskog Brennhom fortel at det 'gratis' spelet ho lasta ned ikkje var så gratis likavel.

Foto: Jannicke Susanne Farstad / NRK

– Mamma sa det var greitt at eg lasta ned gratis spel. Men eg måtte spørje først. Då lasta eg ned eit spel. Og så viste det seg at det kosta pengar å bruke det, utan at eg visste om det, seier Susanne Pilskog Brennholm(10).

– Må opplyse om kostnadene

Forbrukerombodet meiner det ikkje kan vere slik at det følgjer med kostnader som brukarane ikkje veit om. Gry Nergård er forbrukarombod, og ho seier ombodet no vil passe på slik at vi ikkje blir lurt for pengar når vi lastar ned «gratis» spel.

Gry Nergård

Gry Nergård er Forbrukarombod.

Foto: Hans Otto Bordvik / NRK

– På nokre «gratis» spel får du også høve til å kjøpe ekstra ting når du er inne i spelet. Dei ekstra tinga kostar faktisk orntlige pengar, seier Gry Nergård.

Smurfar med smurfepengar

The Smurfs village er eit av mange eksempel på slike spel. Spelet er gratis å laste ned, men det kan fort koste pengar å bruke det.

The Smurfs village

Smurfespelet er eit av spela som kostar pengar å bruke.

Foto: Hans Otto Bordvik / NRK

– I Smurfespelet heiter det smurfebær. Det høyres ut som om det ikkje kostar pengar. Men det kan koste pengar. Du kan kjøpe ei vogn full av smurfebær. Men det kostar nesten 550,- kroner, fortel Nergård.

Ikkje heilt sant at det er gratis

Sjølv om det står at det er gratis, er det altså ikkje alltid heilt sant. Louise Rabben Sperre (10) viser oss korleis dette fungerer.

Louise Rabben Sperre

Louise Rabben Sperre seier det er dårleg gjort når det viser seg at gratis spel kostar pengar.

Foto: Jannicke Susann Fartstad / NRK

– Sjå her står det at det er gratis. Men det er det ikkje. Det er dårleg gjort. Det bør stå at det kostar pengar, seier Louise Rabben Sperre.

– Les brukaravtalen

Det står ofte mykje tekst på engelsk før spelet skal lastast ned. Det kan vere lurt å lese dette grundig først, seier Gry Nergård.

– Sjølv om du kan litt engelsk, og veit at «free» betyr gratis, så står det mykje i teksten som ofte er vanskeleg å forstå. Barn bør vise dette til mor og far, og snakke om det som står der, seier Nergård.

Telenor meiner at folk flest må bruke meir tid på å lese rettleiinga når ein kjøper til dømes iphone eller ipad....

(sjå kommentarar under videoen)

Video Dyre gratis-appar

Informasjonssjef i Telenor, Knut Sollid, meiner at folk flest må bruke meir tid på å lese rettleiinga når ein kjøper til dømes iphone eller ipad.