Hopp til innhold

Brannen er under kontroll

Brannvesenet fekk bistand frå skogbrannhelikopter og Sivilforsvaret for å sløkke ein grasbrann ved fjellet Bløkallen i Midsund.

Grasbrann ved Bløvatnet i Midsund

Dette biletet er tatt frå fjellet Bløkallen i Midsund.

Foto: Anni Kari Pedersen

Det er kraftig vind i området i dag, og grasbrannen i Midsund i Romsdal stod i fare for å spreie seg. Naudetatane fekk melding om brannen frå ein turgåar klokka 12.15. Først var brannen på storleik med ei fotballbane, seinere sa 110-sentralen at området det brenn i var like stort som to fotballbaner.

Lokalt mannskap vart sendt ut for å vurdere situasjonen.

Grasbrann i Midsund

110-sentralen har bedt om assistanse for å sløkke brannen.

Foto: Anne Gautvik

– Terrenget er svært ulendt, seier Nils Bjerknes, operatør ved 110-sentralen. Dei ba om assistanse frå skogbrannhelikopter, Sivilforsvaret og Molde brannvesen. Mange frivillege hjalp også til.

I 17-tida opplyste 110-sentralen at skogrbrannhelikopteret frå Sauda var på plass. Då hadde ikkje brannen spreidd seg yttarlegare, men flytta på seg. Helikopteret frakta med seg mannskap og sløkkeutstyr opp i fjellet. Dei var også i gang med dynke fjellsida med vatn, der mannskapet ikkje kjem til.

– Brannen kan spre seg til hus i nærleiken, men vi jobbar for at det ikkje skal skje, sa Rian Morrison ved 110-sentralen før ekstramannskapet var på plass.

Laurdag kveld var brannen sløkt. Sivilforsvaret vart att på staden for å passe på at brannen ikkje blussar opp att. 10-sentralen har ikkje oversikt over kor mange mål som vart svidd av under brannen.

Joachim Orvik

Røyken frå fjellet er synleg i bygda.

Foto: Joachim Orvik