Hopp til innhold

Grasbrann i Midsund

  • Brann under kontroll

    Brannen i terrenget ved Bløkallen i Midsund er under kontroll. Sivilforsvaret er no i området for å passe på at det ikkje blussar opp att. 110-sentralen har ikkje oversikt over kor mange mål som vart svidd av under brannen.

  • Treng bistand frå helikopter.

    Lokalt brannmannskap er på veg opp på fjellet Bløkallen i Midsund der det brenn i graset. 110-sentralen seier at dei ber no om hjelp frå skogbrannhelikopter, Sivilforsvaret og Molde brannvesen. Brannen er på storleik med to foballbaner. Sidan det bles kraftig, kan brannen spreie seg.

  • Grasbrann i Midsund

    Politiet melder om ein grasbrann på fjellet Bløkallen på Otrøya i Midsund. Området som brenn er på størrelse med ei fotballbane og det bles på staden, skriv politiet på Twitter.