NRK Meny
Normal

Denne krabaten skapar trøbbel i skogen

Denne billa forseinkar nyplantinga av granskog med tre år. Kan øydelegge store deler av plantefelt.

Gransnutebille

Dette er gransnutebilla. Desse kjem ofte i store flokkar på leiting etter ferske hogstfelt. Gransnutebilla kan gjere stor skade på nyplanta skog.

Foto: juergen.mangelsdorf/flickr.com

Når skogeigarane høgg ned vaksen skog skal dei setje ut nye plantar. Men ein liten bille fører til at dei må vente i tre år frå hogst til nyplanting. Blir nye plantar sett ut for tidleg kan gransnutebilla øydelegge om lag halvparten av dei nye skogplantane.

Fylkesskogmester Odd Løset

Odd Løset er fylkesskogmeister i Møre og Romsdal.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Vi har store tap på grunn av denne billa. Og ho trivs godt på Vestlandet. Og denne billa beitar mykje på småplantar, seier fylkesskogmeister Odd Løset.

Gransnutebillene kjem ofte i store flokkar på leiting etter ferske hogstflater. Dei kan gjere stor skade på nyplanta bartre. Billene gneg i barken og legg egg, noko som fører til store skadar på ungplantane.

På små gran- og furutre går billene til åtak på all bark over bakken. I dei verste tilfella kan barken bli fjerna fullstendig. Plantane toler som regel litt gnaging frå desse billene, men omfattande gnageskadar fører ofte til plantedød.

– No ønskjer vi å prøve nokre nye plantetypar med voks for å sjå om desse klarer å hindre gransnutebilla i å ete på småplantane, seier Løset.