NRK Meny
Normal

Gransking av Svorka

Ordførar Mons Otnes (Ap) i Surnadal vil i kommunestyret torsdag be kontrollutvalet setje i gang gransking av Svorka Energi.

Dei to største partia, Ap og Sp, blei måndag samde om å be om ei gransking av situasjonen i kraftselskapet slik opposisjonsleiar Stig Sæter (H) tidlegare har kravd.

Tidlegare i haust gjekk styreleiaren i selskapet av. Mange forstod det då slik at ikkje alt var som det skulle vere i Svorka Energi.  Også administrerande direktør har sagt opp. Stig Sæter bad sist veke om innsyn i ein intern revisjonsrapport i selskapet.  Ordførar Mons Otnes seier til avisa Driva at eit slikt innsyn er noko av det kontrollutvalet skal vurdere.

Styreleiar John Ole Aspli seier til Driva at utvalet skal få tilgang til all informasjon dei har krav på, men at dei ikkje vil finne "skjulte bomber".