Hopp til innhold

Gransking av Herøy-brannen

Også Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap vurderer å granske dødsbrannen i Herøy.

Fire omkom i husbrannen.
Foto: Svein Smørdal / NRK

Direktoratet har vore i kontakt med brannvesenet i Herøy og vurderer å setje i verk gransking, seier avdelingsleiar Kari Jensen til Aftenposten.no.

Identifisering

Politiet er så vidt i gang med etterforskinga etter brannen i helga, der fire ungdommar omkom. - Vi er i ein førebuande fase, seier lensmann Per Otto Myklebust. - I dag har vi fordelt oppgåver, og vi har ein jobb å gjere med å samle opplysningar til identifiseringsgruppa i Bergen som byrjar arbeidet sitt tysdag.

- Vi vonar at dei omkomne skal vere identifiserte i løpet av tysdag, seier Myklebust.

Det er ikkje venta at årsaka til dødsbrannen i Herøy i helga blir funnen før seinare i veka.

Kripos til Herøy onsdag

Per Otto Myklebust

Per Otto Myklebust

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Det utbrende huset på Bergsøya er avstengt slik at Kripos får eit så urørt materiale som råd å arbeide med når dei kjem til Herøy onsdag. Det vart gjort nokre avhøyr søndag, og det skal gjerast fleire. - Det er ikkje komme fram noko i avhøyra som eg vil snakke om no, seier lensmann Per Otto Myklebust.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL