Hopp til innhold

Granskar tusenvis av drosjekvitteringar etter rekorddyr køyretur

Funksjonshemma Aleksander Erstad betalte 7 000 kroner for ein kort drosjetur. No blir tusenvis av drosjekvitteringar gått gjennom på jakt etter fleire svindelsaker.

Drosjerekning på 7000 kroner

Kvitteringa for den rekorddyre drosjeturen før jul, viser at Aleksander Erstad måtte betale 7 000 kroner. Om lag halvparten gjekk rett til drosjesjåføren.

Foto: Remi Sagen

Den 37 år gamle ålesundsmannen som skulle ta drosje heim frå bestemor rett før jul, måtte ut med 7 000 kroner. Turen skulle kosta 500 kroner, og Erstad sine næraste slo umiddelbart alarm då dei såg kvitteringa.

No går Møre og Romsdal fylkeskommune gjennom drosjeturar for heile året i jakt på liknande saker. Berre i desember er det 7500 turar.

Jesper Wiig

Seksjonsleiar Jesper Wiig i Møre og Romsdal fylkeskommune utelukkar ikkje at fleire drosjesjåførar svindlar med drosjekorta til funksjonshemma. Han ber pårørande om å følgje med.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Det er nulltoleranse for misbruk, seier seksjonsleiar Jesper Wiig i fylkeskommunen.

– Trur de at andre drosjesjåførar gjer det same?

– Det kan vi ikkje vere sikre på, og det er difor vi gjennomfører kontrollar, seier han.

Måndag har alle fylkeskommunar i Noreg møte, då blir saka truleg tema. Over 100 000 funksjonshemma i landet har fått offentlege drosjekort. Berre i 2018 utgjorde dette ein verdi på over 600 millionar kroner.

Nektar for at drosjenæringa har ein ukultur

Drosjesjåføren i Ålesund har betalt tilbake pengane, og blir no meld til politiet, men både han og sjefen hans stadfestar at dei kjenner til andre saker.

Det har fått alarmen til å gå hos fylkeskommunen.

No går dei gjennom kvar køyrde tur i desember, for å sjekke om det er samsvar mellom pris og avstand.

Per Morten Bjørlykke

Fylkesleiar Per-Morten Bjørlykke i Norges Taxiforbund seier saka er pinleg, men avviser at drosjenæringa har ein ukultur.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Per-Morten Bjørlykke, som er fylkesleiar i Taxiforbundet avviser at det er ein ukultur i drosjenæringa. Men han syns saka er pinleg.

– Visst er det pinleg! Alle slike saker er pinlege, ikkje tvil om det, men når vi no får avdekt dette blir det rydda opp, seier han.

I etterkant av saka i Ålesund har Norges Taxiforbund sendt ut informasjon til alle medlemer og foreslått å legge inn bruk av drosjekort i opplæringa til nye sjåførar.

Stor respons frå andre

Systera til Aleksander Erstad, Merete Erstad Finsæther seier dei har opplevd stor respons etter at dei fortalde om svindelen i NRK. Ho er glad for at tusenvis av drosjerekningar no blir kontrollerte, og håper at både kundar og drosjesjåførane har lært av saka.

Merete Erstad Finsæther saman med Aleksander Erstad

Merete Erstad Finsæther seier familien har fått stor respons etter svindelsaka mot broren.

Foto: Remi Sagen / NRK

Fleire har trudd at det var viktig å bruke opp pengane på kortet før årsskiftet, for å få like mykje neste år.

– Eg håper saka set ein stoppar for den praksisen, det håper eg verkeleg. Og dersom nokon ikkje bryr seg om reglane, så veit dei i alle fall at det ikkje er akseptabelt, seier ho.

Hei

Har du innspel eller tips? Ta gjerne kontakt!